Politisk næring

Norsk landbruk er ein kompleks konstruksjon, og det er ikkje utan grunn. For å nå måla om matsikkerheit, eit landbruk over heile landet, nødvendig verdiskaping og eit berekraftig landbruk, må politikarane legge forholda til rette. Landbruket er ganske enkelt ei politisk næring.

Derfor er landbruket meir enn andre næringar avhengig av politiske prioriteringar. Av den grunn er det alltid knytt spenning til nye politiske retningar. Regjeringas landbruksmelding som no er til behandling i næringskomiteen på Stortinget, teiknar ein ny retning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa vil ha kostnadseffektiv matproduksjon inn som eit nytt mål. Og ikkje berre det. I meldinga heiter det at effektiv matproduksjon skal vege tung i forhold til dei andre måla.

Dette er urovekkjande signal. Både bondeorganisasjonane og ein samla opposisjonen på Stortinget protesterer. I Hallingdal og landet over har bøndene tent bål for å protestere mot regjeringas landbruksmelding. Dei meiner den norske landbruksmodellen er under angrep.

Me har før kritisert forslaget om å avvikle marknadsreguleringa og oppheving av henteplikta for geitemjølk. Det vil ramme bønder i Hallingdal. Dei fryktar framtida for geitehaldet i regionen. Dette er eitt eksempel på korleis det kan gå når effektivitet blir prioritert framfor eit landbruk over heile landet. Konsekvensen av å kutte ut mottaksplikta er at bruka som er minst og ligg lengst unna bukkar under, uttalte styremedlem i Buskerud Bondelag, Håkon Haug Laa, til Hallingdølen sist veke.

Eit levande landbruk er avgjerande for Bygde-Norge. Det er kanskje det viktigaste distriktspolitiske verkemiddelet. Derfor kan ikkje denne næringa vera arena for ideologiske markeringar, med frislepp og liberalisme som overordna mål. Norsk landbruk er ein finmaska konstruksjon som krev at politikarane greier sjå heilskapen og nødvendige tiltak for å sikre eit landbruk over heile landet. Det inneber også reguleringar.

Politikarane har eit stort ansvar når landbruksmeldinga no er til behandling i Stortinget. Særleg gjeld det regjeringas støtteparti KrF og Venstre. Næringskomiteen skal koma med si innstilling 7. mars.