Om rovviltutsegner

Eivinn Haugan 27.03.14 og Tor-Ola Skogstad 29.03.14 hadde i Hallingdølen innlegg med ymse påstandar som var ukjente for meg. Sauene skulle vistnok vera «uten tilsyn» eller utsett for «slett tilsyn». Eg kjenner ikkje til slike tilhøve.

Om sauerasar

Andre sauerasar som t.d. spælsau kunne vera ei løysing fordi mange sauer «overlever rett og slett ikke i bratt og ulendt terreng, gjennom en sommersesong». Eg hadde i si tid, gjennom ei årrekkje, røynsle med fleire sauerasar, i hovudsak spælsau, som eg hadde gode erfaringar med. Men eg har også vore med å henta ned frå fjellskorter sauer som i høve det refererte utsegna ovanfor ikkje skulle overleva der dei vart funne og henta, men dei levde i beste velgåande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rovviltsikre gjerder m.m.:

Det burde vera korrekt å undersøkja erfaringane med såkalla rovviltsikre gjerder og andre løysingar, før ein uttalar seg. Korleis har effekten vore, og korleis skal dette vera løysinga for å utnytte dei store beiteressursane som t.d. er i høgfjellet? Det er forresten litt uklart for meg kva for rovdyr Eivinn Haugan vil skremme ved å «sette opp skremsler rundt om på tomta».

Ufarlege rovdyr?

Ulv: Etter lesarinnlegg i Hallingdølen 19.02.02 tok eg 18.03.02 for meg ein del kjende hendingar om ulv, både i Noreg, Sverige og Russland. Eg viste til bakgrunn/dokumentasjon så langt eg kjende til gjennom bygdebøker, gravferdsbøker og kyrkjebøker. I lesarinnlegg 25.04.07 om rovdyr viste eg til boka «Drept av bjørn og ulv de siste 400 år» av Astor Furset. Det kan og nemnast at i Nationen 17.08.98 vart det opplyst at det i Russland skulle skytast eit stort antal ulvar fordi dei drap både menneske og husdyr. Altså i vår tid.

Bjørn: Direktoratet for naturforvaltning ga i 2003 ut ein forskningsrapport frå det skandinaviske bjørneprosjektet kalla «Er bjørnen farlig». Eg sit med denne rapporten framfor meg, ein rapport som er interessant å lesa. Eg kan t.d. vise til side 11 i rapporten der det m.a. står: «Nei, den skandinaviske bjørnen er ikke farlig!» Litt lenger ned på same sida: «På den andre siden: Mennesker er blitt skadet og drept av bjørn i Norden, og i andre land».

På side 16 i rapporten omhandlar rapporten «HVIS BJØRNEN ANGRIPER», og det står m.a.: «Hvis angrepet kommer, trass i alle forsiktighetsregler, og bjørnen er aggresiv og fortsetter rett mot deg - hva gjør du da?» Så kjem det ei utgreiing om å distrahere dyret, leggja seg ned, eller «spille død». Det kan her nemnast at ein finsk joggar i 1998 vart drepen av bjørn, og i 2002 vart ei finsk 17 år gamal jente angripen. Altså medan rapporten var under utarbeiing, og forårsaka av den ufarlege bjørnen.

Mi kjensle er at Tor-Ola Skogstad bør setja seg skikkeleg inn i mykje bakgrunnsstoff før han uttalar seg om «feilinformasjon og skremselspropaganda»!