Ina Erin Eliassen)
Ina Erin Eliassen)

Nytt år og like skriput?

Ved nyårsskifte er det alltid nokon som vil ynskje seg noko eller ta seg saman for å «bli betre» på eit eller anna omkverve. Men det blir med tanken dei fyrste par-tre vekene i januar, og so er alt som det har vore.Å vera skriput tyder helst å vera bortskjemt. Ein skripaungji er gjerne ein unge som beljar og skrik, og som vil ha stell og meir kos og kjæling. Ein skripaladd er ein vand, sytande, bortskjemd person, anten han er liten eller stor. Skripalåtten heiter ein av våre gode lauslåttar, ein eggjande felelått som i gamle dagar kunne føre til egling, alking, sutring og slåsting. Når folk ber seg ille, klagar og kraunar for den minste ting, kallar me uskikken for skripagjerd.

Kravstor

Det mest skripute eg opplevde i 2016, var då leiaren i Forbrukarrådet, Randi Flesland, i desember kom med ein «rapport» som gjorde det til eit problem at folk i Noreg berre kan velja i 146 osteslag, mens i Sverige kan dei velja mellom 290. Utvalet i butikkane her i landet er for dårleg, og det er for ille at norske forbrukarar skal lide for dette, sa ho. Butikkane er for småe til å vera i ei moderne tid. Utkant-Noreg må ta seg saman. Butikkane i Oslo er òg altfor småe. Flesland: «Forbrukerne fortjener noe mer enn dette! Vi er da tross alt i 2016!»

Eg tenkte som so: Det var då fælt so kravstor og skriput ho gjer seg i dag då, ho Randi Flesland, denne myndige dama som går frå toppjobb til toppjobb. Sist var ho i Avinor for å halde oss i lufta og i godt humør, og no er ho forbrukaraktivist for å halde oss i kravstor stemning og i dårleg humør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Står verda til påske denne gongen? Presseorgan, pressgrupper og ymse parti i Stortinget tutar oss fulle av dårleg samvit fordi me kjøper bil og flyg med fly, handlar julegåver, tek inn meir mat enn me kan eta, då resultatet av dette blir meir utslepp, meir CO2 og varmare klima. Verda bryt saman om me ikkje no tek miljøet på alvor, får me vita. Utsleppa må ned!

Støtte

Samstundes får LO og YS brei støtte for å dra opp kjøpekrafta mest mogleg kvart år, og dermed auke utsleppet omtrent tilsvarande. På toppen har me no fått ein forbrukarsjef som vil ha i oss meir ost, noko som heilt sikkert ville auke ymse slag utslepp.

Det skal innrømmast: Eit godt samansett ostebord – med eller utan raud vin innåt – er noko av det beste eit intelligent menneske kan bli utsett for. Det er rett og slett herleg å kunne få oppleva eit nasjonalt og internasjonalt utval av modne ostar, i hop med høvelege småsnacks, rundstykke, ymse typar kjeks og Kviteseid-smør.

Behov

Men treng det vera over 290 osteslag som i Sverige? Treng me å kjenne oss underlegne her heime fordi butikkane i Oslo har halvparten så mange slag og Hallingdal berre har 40-50? Er det uråd å få til eit måltid og ein hyggekveld av det me har utan å måtte ta ein ekstra bytur, eller dra over grensa?

So dette vert mitt ynskje i det nye året: Vera meir nøgde med det me har, med mindre fråtsing, mindre sløseri, betre omtanke med all pengebruk… Kort sagt: Skal verda overleva til påske og litt lenger, må kvar og ein bli mindre skriput!

Til sist: Det kan vera verdt å minne om den franske presidenten Charles de Gaulle sitt høglydte hjartesukk i 1959: «Det kan vise seg umogleg å styre eit land med 244 osteslag!»

Hallgrim Berg

«Klagar og kraunar for den minste ting.»