Nødvendig omkamp

HALLINGDAL fekk ikkje arbeidsinstitutt i denne omgangen. Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) er skuffa. Ho hadde håpa fylkeskommunen no ville ta ansvar og sikre etablering av arbeidsinstitutt i Hallingdal. Gol-ordføraren har arbeidd med desse planane sidan 2012. Ho er misnøgd med at saka vart lagt på is under budsjettbehandlinga sist haust. Avgjerda skuldast mangel på pengar til drifta.

HELDIGVIS er det mogeleg å få til ein omkamp om denne uheldige avgjerda. Leiar i hovudutvalet for utdanning i Buskerud fylkeskommune, Sissel Urke (V), har registrert misnøya i Hallingdal. Ho lovar å sjå på saka i samband med budsjettet for neste år. Utvalsleiaren forsikrar at politikarane har med seg denne saka vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

MÅLET med arbeidsinstitutt er å skape eit tilbod til elevar som ikkje finn seg til rette i det ordinære utdanningsopplegget i vidaregåande skule. Det handlar om å gje ungdom i alderen 16–24 år ein læringsarena der praktisk og teoretisk opplæring blir kombinert og tilpassa den einskilde.

ARBEIDSINSTITUTTET i Drammen er det eldste og største av fire i Buskerud. Her omfattar tilbodet design og handverk, kantine og catering, helse og sosial, verkstader for tre- og mekanisk, sal og service, samt ein læringslab for teoretisk opplæring. Instituttet har fleire småbedrifter som nabo. Dei andre arbeidsinstitutta i Buskerud ligg på Kongsberg, Modum (midtfylket) og på Ringerike.

I HALLINGDAL har både ungdomsrådet, region- rådet og andre gode krefter arbeidd med saka. Gol kommune har høvelege lokale ståande i den gamle ungdomsskulen. Her blir eit eventuelt arbeidsinstitutt nabo til den vidaregåande skulen. I den samanhengen høyrer det også med at tilbodet design og handverk frå neste skuleår er borte frå Gol vidaregåande skule. Fleire av arbeidsinstitutta i Buskerud tilbyr nettopp design og handverk.

ME skuldar ikkje fylkespolitikarane for aktivt å diskriminere Hallingdal i denne samanhengen. Det blir for banalt. Men alle som kjenner saka ser lett at det ikkje er nokon som helst grunn til at Hallingdal skal stå utan dette tilbodet. Difor er me optimistiske med omsyn til å finne ei løysing, også av den økonomiske sida.