Mykje å lære

«Dei episodane som utløyser mest kjeft i barndommen, blir ofte dei beste historiene å fortelja som vaksen».

Dette skriv Hallingdølen om showet «Samtalen» som gjekk på Ål sist sundag, der Magnus Jackson Krogh fortalde om seg sjølv og om å vekse opp med diagnosen ADHD.

Tankane går rett til Emil i Lønneberget. Ein fortvilt pappa som ikkje forstod guten sende Emil dagstøtt i snikkarbua. Det geniale med Astrid Lindgren er at ho skreiv så lesarane forstod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var 19-åringen Mari Elisabeth Løkken som fekk showet til Ål. Ho slit sjølv med lesevanskar og ADHD. Skuleeleven frå Nes fortel at mange lærarar ikkje har forstått henne. Med dette showet ville ho på sin måte syne korleis ho kan ha det.

Det er eit prisverdig initiativ. Framsyninga gav folk noko nytt å tenke på. Krogh fekk fram korleis folk med ADHD opplever verda rundt seg. – Eg kjende meg att i det han fortalde, seier Løkken.

Magnus Jackson Krogh er ikkje imponert over måten han vart teken hand om i skulen, og han trur lite har endra seg. – Vegen er litt for kort frå PPT til BUP og vidare til apoteket, seier han.

Mange born endar fort med ein diagnose og deretter medisinering. Det er mange døme på at medisinane verkar, men det er heller ikkje vanskeleg å finne døme på det motsette.

* Når ei 10–11 år gammal jente må gå på tablettar som gjer henne kvalm heile skuledagen, er det noko som skurrar.

* At ein 12 år gammal gut må vente til natta før han endeleg får lyst på mat, bør ingen godta. At han deretter må ha sovemedisin for å berge døgnrytmen, er heller ikkje haldbart.

* Og når dette berre er av dei milde biverk-nadene, er det grunn til å stille spørsmål om kva som er dei beste tiltaka.

Både skuleleiarar og foreldre bør tenke over dette. Lærarar, psykologar og psykiatrar veit som oftast best. Men den som veit aller best kor skoen trykkjer, er den som har den på. Og i mange høve bør nok alle partar setje av meir tid til å høyre på nettopp han eller henne.