Mihály Lantos, Ferenc Puskás, Gyula Grosics. Bak frå v.: Gyula Lóránt, Jenö Buzánszky, Nándor Hidegkuti, Sándor Kocsis, József Zakariás, Zoltán Czibor, József Bozsik, László Budai.
Mihály Lantos, Ferenc Puskás, Gyula Grosics. Bak frå v.: Gyula Lóránt, Jenö Buzánszky, Nándor Hidegkuti, Sándor Kocsis, József Zakariás, Zoltán Czibor, József Bozsik, László Budai.

Midtspiss og politikar

Statsministeren i Ungarn, Viktor Orban, han vart fødd i 1963, og han har vore ein hardtspelande midtspiss på fotballbanen attåt ein makthuga og umskifteleg politikar.

Allereide frå smågutedagane var han ein brennande ihuga fotballspelar. Han voks meste tidi upp i småbyen Felcsut der huslyden budde i utkanten, det var billegast der. Felcsut ligg eit godt stykkje nord for hovudstaden Budapest.

Etter hard strid og store øydeleggjingar mot slutten av andre verdskrigen tok den sovjetiske raude her hand um det som var att av Ungarn etter fyrste verdskrigen, og i 1948 hadde den ungarske staten fenge eit stalinistisk kommunistisk styresett. Stalin døydde i 1953, og i 1956, for 60 år sidan, kom det til ein folkeleg uppreist mot stalinismen med reformkommunisten Imre Nagy i brodden. Han vilde gjera Ungarn nøytralt og draga landet ut or Warszawa-pakti. Sovjetiske styrkar slo ned uppreisten, og Nagy og andre vart seinare avretta. Flyktningar frå Ungarn kom ogso hit til lands.

Artikkelen held fram under annonsen.

For fotballspelaren Viktor Orban drog dette med seg endå ei ulukke. Fyre uppreisten fór fotballaget Honved Budapest til Spania for å spela mot Athletic Bilbao, og spelarane såg ingen grunn til å vende heim. Solein miste Ungarn verdsstjerna Ferenc Puskas og fleire andre storspelarar. Då Ungarn sigra 6 – 3 mot England på Wembley i 1953, hadde Puskas laga to mål.

Gulasjkommunismen

Etter uppreisten sytte det nye kommuniststyret for betre levekår åt folket, «gulasjkommunismen», samstundes som dei lét styre og stell vera ei partisak og sette ungarsk sjølvhevding lågt, fotballandslaget irekna. Dette tannlause livet vekte størst mothug hjå sume unge som ikkje hadde upplevd krig og naud. I 1988 var jusstudenten Viktor Orban millom tilskiparane av Fidesz-partiet. Namnet er ei ungarsk avstytting av «Samlingi av unge demokratar». Målet var frie val.

Innan det kom so langt, ynskte kommunistleidarane å få fråstand til rettargangen mot Imre Nagy og dei hine uppreistmennene. Dei vart gravne upp, og liki frigjorde frå takpapp og piggtråd,og dei vart gjevne ei høgtideleg gravferd. Dagen var den 16. juni 1989. Ein umåteleg folkemuge samla seg. Ungarsk fjernsyn sende samanhengande i elleve timar. I radi av talarar helsa Viktor Orban frå ungdomen, og kravde millom anna at sovjetiske styrkar laut ut or Ungarn. Fagnaden var veldig. Janos Jakab var fotballtrenar for Viktor Orban i Budapest den tidi, han råka til å høyre talen i bilradioen og rekna med å misse midtspissen på laget for lange tider, men so hende ikkje.

Kommuniststyret stod på ustøde føter, og allereide året etter vart det skipa frie val.

Endring

Ved dette valet fekk Fidesz 9% av røystene og 22 sete i nasjonalforsamlingi. Dei unge politikarane frå Fidesz, det var visst berre karar, toga sjølvtrygge inn i nasjonalforsamlingi mange langhåra og skjeggprydde og utan å lata kvinnor gå fyrst gjenom dørene. Men det neste valet vart eit vonbrot, og Orban og leidingi i Fidesz gav seg på leiting etter eit meir høveleg rom i politikken. Vinstresida med eit sterkt postkommunistisk parti kom ikkje på tale, og dei byliberale sette ogso ungarske tradisjonar lågt og gjekk i hop med postkommunistane i regjering. For Fidesz stod høgresida att.

Fyre valet i 1998 skifta Fidesz ham over natti og kom ut nyklypte og velkledde, og i lag med høgresida skipa Viktor Orban fyrste regjeringi si. Ho kan ikkje kallast kvinnevenleg, på bilæte står 15 – 20 myrkkledde slipskarar og so ei ensleg ljos kvinne. Nokor heldig hand med ei samlingsregjering hadde ikkje Orban heller, han lika strid millom ulike meiningar for so å skjera gjenom og sjølv taka ei avgjerd og styrkje leidarstillingi si. Ugreida kom upp i pressa, og i 2002 tapte Fidesz valet, og ingen såg Viktor Orban på mest to månader.

Masseparti

Men det synte seg at han hadde ikkje vore nervesjuk og innlagd, so som pressa trudde. Han hadde vore til fotball-VM i Japan og Sør-Korea og kom att full av pågangsmot, og sette Fidesz i sving med å gjera seg um til eit breidt masseparti i midten av ungarsk politikk og no med kyrkja som ein part av ungarsk tradisjon. Og då statsministeren på vinstresida gjorde politisk sjølvmord ved å skuldsetja landet og attpå til kalle Ungarn for eit «horeland», låg vegen utan vidare open for valsiger åt Fidesz både i 2010 og 2014. Då Viktor Orban vart statsminister for andre gong i 2010, gav han seg som fast fotballspelar. Den siste tidi hadde han spela for femtedivisjonslaget i barndomsbyen Felcsut.

Ungarn vart medlem av NATO i 1999 og EU i 2004. Orban meiner at Ungarn høyrer heime båe stader. Men i motsetnad til fleirtalet av dei styrande i EU vil Orban at denne samskipnaden i tillitsfullt samarbeid berre skal femne um kristne nasjonalstatar med full sjølvråderett, med andre ord etter eit slags gaulistisk fyrebilæte. Han meiner ogso at Russland ikkje er noko trugsmål mot Vesten, og vil heve sanksjonane til bate for handelen båe vegar, og vestleg politikk andsynes Ukraina har vore rang, hevdar han. Både Russland og Ungarn har store minoritetar i grannelandi. Difor vil det neppe koma til å stå NATO-soldatar fast i Ungarn under Orban. Og han ser på europeisk politikk som styrd av pengemarknaden, og med den ordningi vil krise fylgje på krise, trur han. Både heime og ikkje minst ute haustar Orban alt frå eldhug til beisk vanvyrdnad for meiningane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotball spelar han no berre for tidtrøyte, men han står ved at han ynskjer Ungarn på nytt skal blia ein stor fotballnasjon. At Ungarn med to sigrar mot Noreg i fjor haust tok den ledige plassen til EM i Frankrike, var nok for Orban eit steg i rett leid.

Arne Horge