Er forvaltninga av reinen i Nordfjella fornuftig?

Det er til no funne positive prøver frå to reinsdyr i Nordfjella i jakta i 2017. Dette kan vere teikn på skrantesjuke eller CWD.

I dei opplysningane eg har sett i Hallingdølen er det i begge tilfelle påvist CWD-prion, smittestoffet, i lymfekjertel frå dyra. Eg har ikkje sett at det er funne reinsdyr med kliniske symptom på CWD, altså dyr som har hatt teikn på å vere sjuke, eller funn av prion i undersøkt hjernevev.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å stille diagnosen CWD skal CWD-prionet påvisast i hjernevev, og det vil ofte vere endringar i hjernevevet.

Frå tida med skrapesjuke på sau vart det tatt ut ei stor mengd prøver frå friske dyr og frå dyr som var sjølvdauda eller avliva. Grunnen kunne vere sjukdom eller uhell. Av alle dyra vart det tatt hjerneprøve, og frå ein del dyr også lymfekjertelprøver. Eg meiner at det ikkje vart stilt diagnose skrapesjuke dersom det ikkje vart påvist prion i hjernevev. Eg kjenner heller ikkje til kor mange dyr som fekk påvist prion i lymfekjertel, men ikkje i hjernevev.

Spørsmål

Når eg tenkjer på dette, dukkar det opp fleire spørsmål:

* Kor mykje veit Veterinærinstituttet og ev. andre spesialistar om utvikling av CWD hjå dyr der ein finn CWD-prion i lymfekjertel, men ikkje i hjernevev?

* Dersom ein vektlegg funn av smittestoff i lymfekjertel på rein i Nordfjella, er det då lurt å berre teste hjerneprøver frå avliva hjortedyr andre stader i landet?

* Er lymfekjertlar på dyret eit forsvarsverk som kan hindre at CWD-prion kjem vidare til hjernen og utviklar CWD?

Forhasta

Desse spørsmåla, og sikkert mange andre, får meg til å tenkje at det er eit forhasta vedtak at reinstammen i Nordfjella, sone 1, skal utryddast innan 1. mai 2018. Dersom ein får til dette, har ein ikkje tileigna seg annan kunnskap enn at det ved prøvetaking vart påvist smittestoff hjå eit antal dyr, men lite kunnskap om smittespreiing og utvikling av CWD-sjukdommen.

Til no syner prøvetakinga ved jakt at det ikkje er funne dyr med CWD. Det burde bety at ein har rimeleg god kontroll med smitte- og sjukdomsutvikling hjå denne reinstammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mi oppmoding må bli:

Hald oppsikt med reinstammen ved jakt og prøvetaking, legg vekt på kliniske funn av sjukdom. Stol ikkje blindt på laboratoriefunn dersom det i tillegg ikkje blir påvist klinisk sjukdom.