Lesarbrev:
Meir feil om klimaet
Hans Martin Seip har lite nytt å koma med den 25.07.09 når han hevdar at eg kjem med ”tvilsomme og gale påstander om klima”. Og så viser han til artiklar i diverse tidsskrift. Dei velrenommerte tidsskrifta «Nature» og «Science» vart etter 1995 kontrollerte av juksemakarane Michael Mann og Benjamin Santer og er ikkje lenger til å stole på i spørsmål om klimaet.
Den 04.07.06 (ikkje i 2007) skreiv Seip i Bergens Tidende: Temperaturstigninga de siste tretti år «kan bare forklares» ved at innholdet av drivhusgasser i atmosfæren – først og fremst CO2 – har økt på grunn av menneskenes aktiviteter. Det er liten tvil om kva Seip hevdar her, men det er hyggeleg at han no vedgår at påstanden er absurd.
Det har vore klart for folk til alle tider at sola styrer vêret på den eine eller andre måten. Her har dansken Henrik Svensmark kome med ny, interessant forsking om korleis kosmisk stråling lagar skyer som kjøler jorda. Sterkare sol hindrar kosmisk stråling og gjev varmare ver slik me hadde det frå 1980-2005.
Desse nye opplysningane om sola slår beina under påstandane frå FNs klimapanel, IPCC, så det er rimeleg at Seip kjem med sine bortforklaringar. Men denne diskusjonen bør han heller ta med vår fremste solforskar, Pål Brekke. Eg har nok med å imøtegå IPCC, CICERO m.fl. når det gjeld den sentrale påstanden om at utslepp av CO2 er årsaka til global oppvarming. Me har nemleg klare bevis for at det er fysisk umogeleg at utslepp av CO2 kan føre til klimakrise, og at ei temperaturstigning på 2-3 grader hadde vore det beste som kunne skje med jorda vår. Nettopp derfor skreiv me boka vår, Klimaet, med bakgrunn i naturlovene for å vise attende ein del av denne feilinformasjonen.
Når Seip skriv at det er sterk absorpsjon i intervallet 4 – 4,5 mym, så viser det at han ikkje er oppdatert. Heile 99 % av all absorpsjon av varmestrålar skjer i intervallet 4 – 50 mym, men sterkast i midtfeltet og mindre utover mot sidene. Det er sikkert rett som Seip skriv, men tragisk, at norske lærebøker dei siste åra ikkje har vore i samsvar med seriøs vitskapleg forsking. Me har før fått melding om at dei er forvanska for å hjernevaske ungdommen i klimaspørsmålet. I dag skal det vera om lag 380 ppm CO2 i lufta. Ev. tillegg til 200 ppm CO2 gjev berre ei teoretisk oppvarming som er så lita at ho ikkje kan målast med termometer.
NASA har målt stabil drivhuseffekt sidan 1979. Les gjerne foredraget av Asmunn Moene, sjef i mange år for fagavdelinga ved Meteorologisk institutt. «Målinger viser ingen økning av den globale drivhuseffekten», på www.ngfweb.no.
Når Per Engene og Klimarealistene med hjelp av naturlovene fører bevis for at IPCC, CICERO og Seip tek feil, er det ikkje merkeleg at Seip vil stemple det som «desinformasjon». Han burde heller vise til reelle målingar og handfaste vitskaplege bevis enn til kva han og andre politiske aktørar hevdar. Eg oppfordrar folk til å skaffe seg solid kunnskap og bruke si eiga dømmekraft i staden for å stole på politiske klakkørar.
RSS
KONTAKT OSS

