Torsdag 02.september 2010

Lesarbrev:

Bløffaren Hallgrim Berg

Hallgrim Berg fer med løgn om SOS Rasisme og om meg i Hallingdølen 20. mai. Då er det kan henda ikkje så rart at han bed meg la han vera.

A A A

Det er jo freistande å berre ignorere Berg, men når Berg kjem med løgner som lett let seg etterprøva, blir eg likevel nøydd til å kommentere påstandane hans. Også Hallingdølen har eit redaktøransvar for ikkje å la løgner stå på trykk i avisa si.

Moderat lønsnivå

SOS Rasisme har eit svært moderat lønsnivå kor dei tilsette arbeider hardt, og langt unna ei luksusløn, slik Hallgrim Berg freistar påstå. Mest sannsynleg har den tidlegare stortingsrepresentanten, læraren og cand.philol’en ikkje klart å lesa ein biletmontasje i Dagbladet kor mellom anna underteikna er med.

Berg påstår eg har ei løn som langt overgår kva ein sjukepleiar tener. Dette kan eg avvisa. Statistisk sentralbyrå skriv at gjennomsnittleg løn for ein sjukepleiar i 2007 var 386.400 kroner pr år. Eg hadde ei inntekt på 96.772 kroner i 2008. Eventyrløn? Neppe. Men det er kan henda best for millionæren Berg om han omgår sanninga litt der han sjølv sit med ei svært makeleg løn (og mest sannsynleg òg stortingspensjon) som eg berre kan drøyma om. Det er jo også urimeleg å gå ut frå at eg som vanleg tilsett skulle ha høgare lønn enn leiaren i organisasjonen.

Toppløna i SOS Rasisme er på 330.000 kroner i året for full stilling. Det er mindre enn kva ein industriarbeidar har. Då skal det ein god porsjon idealisme til før ein skal arbeida der, særleg for meg som har høgare utdanning i tillegg og mest sannsynleg kunne hatt ein jobb kor eg hadde hatt 100.000 meir i årsløn.

Kommunistkuppet?

Hallgrim Berg påstår at «ei lukka gruppe kommunistar har kuppa organisasjonen» (les; SOS Rasisme) og «installert seg sjølve i leiande verv». Det har ikkje gått føre seg noko kupp i SOS Rasisme. Som eg tidlegare har skrive i Hallingdølen i eit tilsvar til Astrid Randen den 22. mai, så er SOS Rasisme ein demokratisk medlemsorganisasjon.

Vedtektene våre ligg på vevsidene slik at alle kan lesa dei. Folk er valde til tillitsverva sine gjennom landsmøtet, som er det høgste organet i organisasjonen. Her får alle lokallag rett til å senda delegatar. Med andre ord har SOS Rasisme den same praksisen for medlemsdemokrati som dei fleste andre norske organisasjonar.

Alle som blir valde til tillitsverv i SOS Rasisme, blir valde på grunnlag av den jobben dei har gjort, gjer og kjem til å gjera for organisasjonen. Somme organisasjonar gjer slik som oss, medan andre organisasjonar er mest opptekne av å velja tidlegare stortingsrepresentantar som ikkje har nokon bakgrunn frå den aktuelle organisasjonen til toppleiinga.

Medlemsjuks?

Sitatet Hallingdølen vel å utheva, er «gjennom medlemsjuks er det i årevis sanka i hop millionbeløp». Dette vel Hallgrim Berg å påstå om ein organisasjon utan at det finst fnugg av prov for dette. Statlege instansar har i månadsvis kontrollert SOS Rasisme utan at nokon har funne eit einaste prov på at noko ikkje er i orden.

Javisst har fleire offentlege instansar frose løyvingar til oss. Me har samla all dokumentasjon i prosessen mot oss på vevsidene våre slik at alle kan lesa han og til og med oppmoda Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) til å melda oss til politiet dersom dei meiner me har gjort noko gale. Dette har ikkje LNU gjort.

Våre medlemslister er gått gjennom av revisor og godkjend som grunnlag for å søkja om stønader frå ulike offentlege instansar. Påstandane om medlemsjuks i SOS Rasisme er totalt grunnlause og skapt berre for å bakvaska organisasjonen.

Spjåken Skretteberg

Hallgrim Berg kallar meg ein spjåk. Det er mogeleg dette har andre tydingar i Hallingdal enn elles i landet, men sidan eg aldri har høyrd dette ordet før, sjekka eg det i Norsk Ordbok. Her er tydinga «spjåket mann» oppgjeve, og «spjåket» skal visst tyda «narrevoren» eller «tilstasa». Kva Berg meiner med dette, får vera opp til lesaren å avgjera.

Kleda mine kan eg forsikra Berg om at eg kjøper på sal på Dressmann og nyttar til dei er utslitne. Dette av di eg ikkje har økonomi til å gjera noko anna, og heller ikkje har trong til det. Eg skal likevel halda meg for god til å raljera over viset Berg kler seg på, då eg ikkje vil falla ned til det same nivået som han legg seg på når han freistar «debattere» med folk.

Berg meiner eg har stått med peikefingeren over han ved fleire høve. Hallingdølens lesarar har kan henda fått med seg at me har vore usamde i om det er føremålstenleg at jødehets skal bli erstatta med muslimhets, slik Berg har agitert for og eg har agitert mot.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:47 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/lesarbrev/article165391.ece

annonse
annonse
annonse
annonse