Torsdag 02.september 2010

Lesarbrev:

Om å skyte seg sjølv i foten

Fleirtalet av nordmenn ønskjer levedyktige stammer av store rovdyr i Norge.

A A A

Dagens politikk på dette området er derfor i samsvar med folkemeininga, og såleis demokrati i praksis. Dei same menneska er kundar hos den norske bonden, som forbrukarar av varer og tenester, alt ifrå norskprodusert mat, som kjøt, frukt, grønsaker, korn – og mjølkeprodukt til kjøp av hyttetomter og ulike tilbod innan området jakt, fiske, friluftsliv, reiseliv. Dei tenestene desse kundegruppene etterspør er viktig fundament i livsgrunnlaget til norske bønder. Det er ikkje smart å tråkke forbrukarane som kjøper varene dine, og som du såleis er avhengig av for å oppretthalde inntektsgrunnlaget, for mykje på tærne.

Bjørnen (det store spørsmålet er om det er ein eller to som frå tid til annan besøker Buskerud) blir tilgodesett med krigsoverskrifter straks den set spor etter seg. Forsyner den seg av slakteavfall elgjegerar har late att etter seg ute i skogen, er det ikkje lenge før morske jegerar figurerer i lokalavisa, og for ytterlegare å understreke alvoret, saman med representant for sjølvaste øvrigheita.

Fleirtalet av nordmenn kosar seg over å lese om bjørneobservasjonar i naturen, som er turistreklame par excellence, og gir unikt høve til positiv marknadsføring av Hallingdal som reisemål.

Vassfaret Bjørnepark og Flå kommune som har mykje av segnomsuste Vassfaret innan kommunegrensene burde sjå dette potensialet, og bruke det for alt det er verdt. Kva skil Vassfaret frå andre samanliknbare område? Svaret er at Vassfaret for mange av oss er ein visjon, meir enn eit konkret omgrep, og famnar sus av villmark, dramatikk, tragediar på liv og død frå farne tider, tragiske menneskelagnader, legendariske bjørnejakter, storskog og storslått natur, i område som saknar sidestykke i landet.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:51 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/lesarbrev/article157777.ece

annonse
annonse
annonse
annonse