Fredag 30.juli 2010

Lesarbrev:

Karikaturteikningar og 11. september

Nyleg har muslimane i Oslo demonstrert mot at Dagbladet trykka profeten Mohammed teikna som ein gris.

A A A

Stort verre kunne det ikkje vore fordi grisen er det mest ureine dyret innan islam. Reaksjonane let heller ikkje vente på seg, muslimane vart sterkt provoserte.

Mange muslimar har ikkje teke inn over seg at dei no ikkje lenger bur i eit islamsk land, men i eit kristent/demokratisk land der ytringsfridomen står sterkt. Ytringsfridomen er langt på veg heilag, men den skal brukast under ansvar og med omtanke. So det var vel ikkje heilt klokt å bruke grisen som symbol på Mohammed, det vart i sterkaste laget.

Men muslimane må tole å sjå griseteikningar i ei eller anna form her i landet utan at det skal få nokon konsekvensar. Det var ikkje rett at sjukehustilsette på Sørlandet fjerna ei griseteikning på ein barneavdeling for å tilfredsstille barn av muslimar. Det var misforstått toleranse.

Trussel

Ein ytterleggåande muslim, Moyeldeen Mohammad, held ein appell på Universitetsplassen i Oslo der han nærast trugar det norske samfunnet med terror. Sjølv om han sa det var ei åtvaring so låg det ein trussel bak. Provokasjon kan utløyse sterke handlingar, men å bruke 11. sept. som eksempel vitnar om at mykje kan skje. Det er tydeleg at dei no etter kvart kjenner seg so sterke at dei vågar meir. Eg seier som Lars Mjøen (forfattar, skodespelar og humorist) i eit innlegg i Aftenposten 12. febr. at det er på tide å vakne opp.

Leonard Ibsen har skrive ein kronikk i Aftenposten som han kallar «Blåøyde nordmenn». Det han poengterar er at UDI berre tek stilling til om asylsøkjarane har rett til opphald eller ikkje. Men det er mange andre ting som dei tek med seg frå sin kultur som ikkje so lett kan integrerast. Dette hadde valdelege konsekvensar for han i hans barndom/ungdom med ein stefar frå eit muslimsk land. Hans eigen far døydde av kreft då han var 10 år gamal.

Islamisering

Eg er overtydd om at det går føre seg islamisering i Noreg. Denne demonstrasjonen med ein «valdeleg» appell samt at dei har moralpoliti i Grønland bydel i Oslo viser at islamiseringa har kome opp i dagen. Utanriksminister Jonas Gahr Støre er like naiv og seier at Siv Jensen spreier frykt, men det er han som spreier frykt for han gjer inntrykk av at han ikkje tek dette på alvor. Akkurat det er nok mesteparten av det norske folk uroa over.

Det er forbode etter norsk lov seier Støre, men det hjelper lite om det skulle verta 11. sept. her i landet. Grunnleggjande grep må til i samanheng med innvandringa om det skal monne noko. Og ikkje minst må alle ankemoglegheitene bort om ein skal få returnert dei «overtalige» før dei får fotfeste.

No er det endeleg stadfesta det som Frp og Carl I. Hagen/Siv Jensen har åtvara mot i alle år. Dei andre partia, også dei borgarlege, har late att både augo og øyra, og har ikkje hatt vilje til å høyre på andre. Det må vera pinleg for dei no etter dette, dei er rådville og veit ikkje kva dei skal finne på. Det må vel til eit nytt 11. september før dei forstår alvoret.

Oppgjer med seg sjølv

Det finst sjølvsagt mange muslimar som er godt integrerte og som dagleg gjer ein god jobb her i landet. Dei er som regel utan skjegg og dei karakteristiske kleda, og dei tilpassar seg dei nye forholda. Mange av dei går også vestleg kledd, men det er ikkje avgjerande. Dei må gjerne behalde sitt særpreg.

Ein del muslimar har også kritisert sterkt desse valdelege tendensane som nokre muslimar står for, og det er bra. Men i det store og heile har vel ikkje dei fleste muslimane teke eit realt internt oppgjer med seg sjølv. Valdelege tendensar er nok meir utbreidd enn mange anar. Olaf B. Halvorsen, som er lærar ved Oslo vaksenopplæring for utlendingar, er ikkje overraska at desse ekstreme haldningane no er vorte synlege. Han har registrert dette i mange år.

Dei mest ekstreme er reine korangutar med sharialover i auga og som ikkje brukar hovudet til anna enn å lesa koranen og klekkje ut terrorplanar. Det er desse me skal vakte oss for, og som kan finne på ting som trugar vårt frie demokrati. (Demokrati har diverre ingen plass i islam.) Det handlar om å fylgje med i og ikkje minst bry seg om det samfunnet ein lever i.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:22 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/lesarbrev/article136811.ece

annonse
annonse
annonse
annonse