Kva er problema i Nes-politikken?

Det skal lagast ein tiltaksplan for å betre samarbeidsklimaet i Nes kommune. Reint konkret dreier det seg om ei rolleavklaring mellom politikk og administrasjon. Men for utanforståande er det likevel grunn til å spørje: Kva er eigentleg problema?

Det var mykje uro i Nes-politikken sist fireårsperiode. Denne perioden har valvinnaren Bygdelista med ordførar Tore Haraldset i spissen kome i mindretal i kommunestyret fordi Høgre, dei uavhengige og Sp definerer seg som fleirtalspartia. Samtidig er samarbeidsklimaet mellom fleirtalspartia og administrasjonen ikkje det beste. Situasjonen har vorte så vanskeleg at kommunen trong hjelp utanfrå. KS-Konsulent vart engasjert til å dukke ned i problema og finne årsaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rapporten som vart lagt fram nyleg peika ikkje på ei konkret årsak til problema. Men det kjem fram at forventningane frå politikarane og til dels folkevalde organ «synest å ha skapt ein krevjande arbeidssituasjon for rådmannen, kommunens leiing og nokre medarbeidarar».

Me trur ikkje ein tiltaksplan aleine vil løyse problema.

KS-Konsulent har intervjua politikarar og representantar frå administrasjonen. Her kjem det fram at nokon meiner at politiske vedtak avvik i for stor grad frå innstillinga frå administrasjonen. Viss det er årsaka til det dårlege samarbeidsklimaet, er det all grunn til å stoppe opp. Politisk usemje og usemje i sak er ikkje eit samarbeidsproblem. Det er rådmannen som er ansvarleg for å leggje fram innstillingar for politiske organ som er fagleg greidd ut. Og så er det politikarane som gjer vedtak. At det er politikarar i Nes som meiner det er eit problem at administrasjonen legg fram innstillingar som ikkje er i tråd med synspunkta til politikarane, eller det politiske fleirtalet, vitnar om manglande forståing av kva oppgåver og roller som administrasjonen og politikarane har.

Bortsett frå dette punktet, virkar rapporten frå KS-Konsulent for generell til å løyse opp i problema. Den slår fast at det er samarbeidsproblem, men at dei er samansette. Me trur ikkje ein tiltaksplan aleine vil løyse problema. Det kan sjå ut som om det handlar om kommunikasjon, dårleg personkjemi og at folk rett og slett ikkje er på bølgelengde. Eller som ordførar Tore Haraldset uttalte til Hallingdølen: «Det er mange måtar å vere usamde på». Viss det er problemet, bør samarbeidsproblema vere mogeleg å løyse. For Nes kommune er ikkje tent med uro og eit surt samarbeidsklima. Etter fleire år med turbulens er det kommunens omdømme det går utover.