Resultatet frå skulevalet har vekt oppsikt. Ikkje berre i Hallingdal, men over heile landet. Skremmande og sjokkerande er omkvedet. Ti prosent av elevane røysta på eit parti og ein organisasjon som har Hitler som førebilete. Som nektar for jødeutryddinga under andre verdskrig. Som karakteriserer Nelson Mandela som terrorist og kommunist og Martin Luther King som jødelakei og klovn.
Men visste elevane kva dei stemde på? Neppe. Under skuledebatten serverte partiets toppkandidat i Buskerud ein sminka versjon av Vigrid-programmet. Bredesen held klokleg kjeft om leflinga med Hitler og nazismen.
Likevel – for Ål vidaregåande skule er resultatet frå skulevalet ei alvorleg sak. Det står om omdømet til skulen. Den risikerer å bli assosiert med nazisme og ekstremisme. I neste omgang kan dette skremme ungdom frå å søke studieplass. Foreldre kan kvi seg for å sende borna til Ål. Og elevar og lærarar kan føle det som belastande å vere knytt til skulen. I vår raske medietid skal det lite til før ein aktør, i dette tilfellet Ål vgs., får eit stempel på seg – rettferdig eller urettferdig.
Somme meiner spetakkelet kunne vore unngått om Vigrid ikkje hadde fått delteke under skuledebatten. Men leiinga i fylkeskommunen påla skulane å sleppe til alle registrerte parti. Eit pålegg me synest er merkeleg. Det naturlege ville vore å halde seg til dei etablerte partia. Men når det er sagt – det påkviler også leiinga ved Ål vidaregåande skule å ta tak i grumset. I laurdagsutgåva av Hallingdølen etterlyser elevane meir informasjon. Ikkje berre om Vigrid, men om partia generelt.
Dette er ei etterlysing alle vidaregåande skular burde ta på alvor. Å isolere skulevala til ein showprega skuledebatt blir for snevert. I staden burde skulevala vere utgangspunkt for ei breiare innføring om partia, deira historie og kva dei står for. Kall det gjerne elementær samfunnskunnskap og historie. Ei innføring i demokrati.
Frå fleire hald blir det også reist krav om å forby Vigrid. Hjarta seier ja, hovudet nei. Det er betre å få grumset fram i lyset. Å la desse grupperingane få operere i det skjulte, er ein større trussel enn å sleppe dei til i det opne rom.
RSS
KONTAKT OSS

Grums, uvitenheit eller dumskap? Kva var det som fekk ti prosent av elevane ved Ål vidaregåande skule til å røyste på det høgreekstreme partiet Vigrid?

Re: Ta tak i grumset
Skrive av Tore W. Tvedt 16.09.09 kl. 11:26
Nå er det vel strengt tatt redaktøren og staben i Hallingdølen samt lærerne ved de videregående skolene som farer med historisk grums og som ikke tåler dagens lys.
Jeg stiller gjerne opp hos Hallingdølen og redegjør for mine synspunkter på den andre verdenskrig, HoloCa$h-industrien, Nelson Mandela og eventuelle andre historiske forhold. Som for eksempel jødenes rolle i det kommunistiske folkemordet i Sovjetunionen.
De gangene vi hittil har vært framme i lyset er det faktisk motpartene våre som har trukket seg. Som de feige journalistene på Østlandskonferansen deres jeg var invitert til for et par år siden i Buskerud. Det burde være en kjent sak for redaktøren av Hallingdølen.
NYTT INNLEGG SVAR PÅ INNLEGG KLAG PÅ INNLEGG