Fredag 30.juli 2010

Leiar:

Pendlarbussar

Gol Venstre vil ha vurdert pendlarbussar for dagpendlarane i Hallingdal. Forslaget blir sett fram i ein interpellasjon til ordføraren i Gol.

A A A

Bakgrunnen for utspelet er Energi- og klimaplanen som vart behandla av kommunestyret i desembermøtet. Her står det at kommunane må ta eit større ansvar og legge til rette for meir kollektivtransport. Dette som eit ledd i å nå målet om reduksjon i utsleppet av klimagassar.

Venstre-laget har sett på situasjonen i Gol. Rundt 1100 personar pendlar dagleg til Gol frå nabokommunane. Også mellom dei andre hallingdalskommunane er det mykje dagpendling. Gol Venstre meiner difor det bør vere ein marknad for pendlarbussar og skisserer ei løysing med hyppige avgangar på morgon og ettermiddag. Vidare blir det teke til orde for bruk av småbussar. I interpellasjonen foreslår partilaget at administrasjonen utarbeider ein plan for å styrke kollektivtilbodet knytt til arbeidsreiser. Vidare at kommunen ser på opplegget i samarbeid med dei andre hallingdalskommunane, og til sist at det blir teke initiativ for å få statleg og fylkeskommunal støtte til denne satsinga.

– Forslaget kjem sikkert til å få mykje kritikk. Me veit heller ikkje om tida er moden. Det viktigaste i denne omgang er å finne ut om forslaget har noko for seg, seier styreleiar i Gol Venstre, Hallvor Lilleslett, til Hallingdølen.

Styreleiaren Gol Venstre treng ikkje bekymre seg. Me tvilar på om nokon vil kritisere eit slikt forslag. Ideen er god og bør omfamnast av alle. Færre privatbilar vil føre til mindre klimagass-utslepp, belastninga på vegnettet blir mindre og talet på trafikkulykker vil gå ned. Men om det er praktisk gjennomførbart er ei anna sak. Her må det gjerast grundige vurderingar og kartleggingar. Også av økonomien kring ei slik satsing. Alle hallingdalskommunane bør blir trekt med i dette arbeidet. Det same bør transportnæringa.

Det er også eit faktum at dagens busstilbod i Hallingdal er langt betre enn kva det var for nokre år sidan. Men hallingen er ein individualist. Han har vore lite flink til å nytte seg av kollektivtilboda. Gunstige billettprisar, hyppige avgangar og god parkering på oppsamlingsplassane må til om pendlarbussane skal bli ein realitet – og ein suksess.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:19 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/leiar/article137105.ece

annonse
annonse
annonse
annonse