Kommuneøkonomien har lenge vore anstrengt. 2009 enda med eit solid underskot. Under budsjettbehandlinga før jul måtte det gjerast fleire smertefulle kutt. Samstundes blir det leita med lys og lykte etter nye inntekter.
Men inntektskjeldene står ikkje i kø. Det heile kokar ned til om kommunen må auke skatte- og avgiftsnivået, eller redusere på utgiftene og dermed tenestetilboda. Dette er bakgrunnen for forslaget om å innføre eigedomsskatt for heile kommunen, og ikkje som i dag berre for sentrum. Forslaget var også oppe i 2006, men vart avvist av kommunestyrefleirtalet. Den gongen vart meirinntektene berekna til tre millionar kroner.
Men «hytteskatten» som den blir omtala som på folkemunne, møter kraftig motbør. Ikkje minst frå hytteeigarane. I fleire lesarinnlegg blir det truga med boikott av forretningar og næringslivet i Nes. – Hyttekjøparane kjem til å flykte frå kommunen. Tapet vil bli langt større enn inntektene, meiner hytteeigarane. Tidlegare ordførar og utmeld Ap-politikar, Audun Aasheim, meiner derimot at Nes ikkje har noko val. Hytteskatten er det einaste som kan redde kommuneøkonomien. «Denne saken blir en god anledning for politikerne i Nes til å vise hva de er laget av... ... Det handler om å vise politisk mot», hevda Aasheim i eit innlegg i Hallingdølen nyleg. Ordlyden i innlegget har irritert mange i kommunestyret. Ikkje minst «skatteskeptikarane».
Å bli framstilt som ei politisk pingle er ikkje kvardagskost. Dessutan har debatten blåse liv i gamle personlege motsetningar mellom dei to tidlegare partifellane i Nes Ap, Kjell Ålien og Audun Aasheim. For somme kan «slagsmålet» ha ein viss underhaldningsverdi. For kommuneøkonomien er den derimot uinteressant.
Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret i april. Utfallet er framleis uvisst. Bråk blir det uansett. Ingen vil betale meir skatt. Men Nes er i ei økonomisk hengemyr. Kutt i viktige tenestetilbod vil utløyse minst like sterke reaksjonar. Så spørst det då kven kommunepolitikarane vil ta mest omsyn til – hyttefolket eller bygdefolket. «Verdraget» tilseier at det blir bygdefolket. Men prisen kan bli høg.
RSS
KONTAKT OSS

Mykje tyder på at det blir ein heit politisk vår i Nes. Dei sist vekene har temperaturen stige mange hakk. Også i lesarbrevspaltene i Hallingdølen. 