Sigmund Krøvel-Velle)
Sigmund Krøvel-Velle)

Kyrkja i nisseheimen

Overfor Vårherre er vi alle nissar. Med dette bakteppet må denne ytringa lesast.

Når vi etter julehøgtida heiser vårt norske flagg til ære for nyåret 2017, markerer dette også den endelege slutten på hopehavet mellom nisseheimen og kyrkja. Eit langt ekteskap har teki slutt, og skilsmissa er eit faktum.

Kva skjer no? Til liks med andre reformer i tida, veit ein lite om dei framtidige fylgjene, men ein kan prøva å sjå inn i glaskula. No skal buet etter skilsmissa mellom nisseheimen og Den norske kyrkja gjerast opp. Dei vanlege spørsmåla ved slike høve melder seg. Korleis vert det med økonomien, og kven skal ha huset, i dette høvet kyrkjene. Nisseheimen vert fri for oppgåver og plikter, og kyrkja får det som ho har ynskt. Den vert herre i eige hus, både på godt og vondt. Frå no av, må kyrkja «beskikke sitt bo» ålene. I ei overgangsordning kan dette gå greitt, men kva på litt sikt? Korleis vil kyrkja greia finansieringa?

Artikkelen held fram under annonsen.

Idear

Medlemspengar eller medlemsavgift kan verta ei løysing, men i ein meir og mindre avkristna nisseheim, kan dette verta ei utfordring. Kanskje ideane frå den katolske kyrkja sin avlatshandel på 1500-talet kan verta redninga. Kyrkja kan selja reisebevis til den himmelske stad, – staden med dei sju perleportane. Dit vil dei aller fleste av nissane etter at jordelivet er slutt. Gode gjerningar, herunder pengegåver til kyrkja, kan då verta tenleg for tid og æve. Dette er bodskap som mogeleg bør misjonerast frå Norges folkekyrkje sine preikestolar.

Referansar

Ein gong var bibelsoge og kristenlære dagelege skulefag for alle smånissar. Bodord og Fadervår, bibelske likningar og salmevers sat som spikra. Heldige er alle meir vaksne nissar som fekk denne grunnutdanninga i barndomen. Ei lita historie frå dagens livssynsundervisning i skulen er illustrerande og tankevekkjande. Kor mange bod har vi? Ti, svara ein oppvakt smånisse. Kva skjer dersom vi bryt eitt av dei? Då vert det berre ni igjen, var svaret. I møte med mangelfull grunnleggjande kristendomskunnskap, vil kyrkja etter kvart få ei aukande utfordring. Nissane i kyrkjebenkane vil rett og slett ikkje lenger ha knaggar til å hengja bodskapen frå preikestolen på. Komande generasjonar vil mangla referansar til den kristentrua som har prega landet vårt i over tusen år.

Færre

No vil det rett nok verta færre kyrkjelege preikestolar også. Hensikt og resultat av reformer er sentralisering. I dag er her over 1600 kyrkjer i nisseheimen. Om få år kan ein tredjedel av desse vera ute av drift. Mang ein nisse i grisgrendte strøk, og kanskje elles også, har grunn til å frykta tap av den kyrkja ein er så glad i, men der ein for sjeldan slit kyrkjebenken!

Framleis er vel 70 % av nissane medlemer i kyrkja. Storparten av desse er passive medlemer. Her har kyrkja eit stort potensial. Det gjeld å vekkja denne massen til innsats. Ikkje minst alle som vil at smånissar skal få den kulturopplevinga ei skulegudsteneste er, – at dei skal læra å kjenna den kristne songskatten (herunder julesongane), - og at dei veit kvifor vi har korset som symbol i flagget vårt m.m. Det er denne nissehopen som må mobiliserast til innsats for kyrkja i nisseheimen, uansett kva slag standpunkt ein elles måtte ha i kristentrua.

Gud velsign Vårherre, sa Ludvig, Kjell Aukrust sin folkekjære figur, i ei oppstemt stund. Gud velsign Vårherre, seier eg også, i problematikken som lett kan oppstå etter skille mellom nisseheimen og kyrkja.

God jul til alle ytringslesarar i nisseheimen!

Odd Skarsgard