Klok tilnærming

Like etter midnatt 1. februar vart det fyrste norske homofile paret vigd i ei norsk kyrkje. Det skjedde sju år etter at lovverket opna for borgarleg vigsle av likekjønna par. Endringa den gongen erstatta partnerskapslova, som frå april 1993 gav to personar av same kjønn høve til å inngå partnerskap. Det registrerte partnerskapet gav same rettar som ekteskap, med unntak av høvet til å adoptere barn.

Det har teke tid for kyrkja å ta dette steget. Saka har vore vanskeleg. Både ulike personlege haldningar og ulik tolking av Bibelen har stått mot kvarandre. Tidsånda har i hovudsak vore på dei liberale si side. Openheit omkring homofili har utvikla seg gjennom heile etterkrigstida, og akselerert dei siste tiåra. På den andre sida har motstandarane med tyngde kunna syne til at Bibelen står på trygg grunn, heva over svingingar i tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter mange år med strid står no vedtaket der. Det er ingen tvil om at kyrkja trong tida som har gått for å koma dit den er i dag, utan å dra på seg større sår enn nødvendig. For det er ingen tvil om at det finst sår, og det er heller ingen tvil om at partane har to val. Strid, eller respekt og forsoning.

Prosten i Hallingdal, Vigdis Moen Storhaug, er klar i sitt syn. Ho ynskjer å vere ein samlande prost som respekterer dei ulike syna. I korpset lokalt har ho både prestar som ynskjer å nytte den nye liturgien som opnar for vigsle av likekjønna, og prestar som ikkje ynskjer dette.

Prestane sitt syn er likevel berre ei side av saka. Biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, har sjølv kjempa for det klassiske synet på ekteskapet. Men han seier ja til nyordninga. Biskopen er audmjuk på vegner av kyrkja, og seier i Hallingdølen at dette handlar om par som tidlegare ikkje har blitt vist respekt og verdigheit.

Me meiner dei to gjer kloke val. Me trur også det er det einaste valet. Dette handlar om tru og legning sett opp mot kyrkjelege og samfunnsmessige forventningar. I møtet med menneske som strir i dette farvatnet, finn heller ikkje prestar alltid svaret i absolutte sanningar. Det er viktig å ta med seg at tolkinga av Bibelen ikkje berre blir til på fagleg tunge seminar. Bibeltolkinga blir også utfordra, og utforma, i møtet med menneske.