Den heilage Lucia eller sankt Lucia, ofte kalla Santa Lucia (283 -304). født i Siracusa på Sicilia, var ein ung, rik kristen martyr som vart helgenerklært. (Oljemåleri frå 1473 av Francesco del Cossa.)
Den heilage Lucia eller sankt Lucia, ofte kalla Santa Lucia (283 -304). født i Siracusa på Sicilia, var ein ung, rik kristen martyr som vart helgenerklært. (Oljemåleri frå 1473 av Francesco del Cossa.)

Jula i kjømda

Etter at vinterdagen 14. oktober var overstått stod alt arbeid, ikkje minst alt som hadde med slakting å gjera, for døra. Mykje skulle gjerast før jula kunne ringjast inn

På mange måtar markerte vinterdagen 14. oktober eit skilje. Sommaren skulle avsluttast og vinteren og, dermed også jula, skulle førebuast.

Lucianattta

Lucianatta, natta til 13. desember, trudde dei var lengste natta i året. Åsgardsreia var på farten så ingen måtte gå ut etter at det var blitt mørkt. Natta vart lang for dyra, fordi folka på garden smakte på julebrennevinet og gløymde å stella i fjøset. Horna på kyrne var lause denne natta, så dei kunne snuast hit og dit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tomasmesse

Tomasmesse, namn etter apostelen Tomas, 21. desember, hadde ei tønne som merke på primstaven. No skulle juleølet fyllast på tønne og folk skulle dra rundt og smaka. Folk venta mildvêr denne dagen så det vart lettare å baka – derav Kakelinna. Klokka eitt på julekvelden skulle juleneka setjast opp, og det skulle pyntast med grøne barkvistar i fjøs og stall.

På julekvelden skulle det etast og drikkast det folk orka. Den som åt lengst skulle leva lengst. Mista ein noko mat på golvet, måtte det ikkje takast opp, det skulle vera for dei usynlege som var der. Stabburet skulle stå ope så huldra kunne forsyne seg. Primstavmerket var eit drikkehorn.

Juledagen var folk mange stader så trøytte og mette at dei knapt kunne stå opp, medan det andre stader vart servert øl, mat og brennevin før folk drog til ottemesse i kyrkja. Der ofra dei til presten og ynskte kvarandre god jul.

Nyttår

Nyttårsdagen hadde ei kyrkje som primstavmerke, også på denne dagen skulle det vera fullt opp med mat på bordet.

Trettande dag jul, 6. januar, vart i vikingtida rekna som nyttårsdagen. Merket på primstaven var tre krossar til minne om dei tre vise menn som kom til Betlehem. Dagen markerte slutten på romjula, men jul vara oftast til tjuandedagen 13. januar, då skulle juleølet drikkast opp. «St. Knut jagar jula ut».

Tjuande var den gamle nyttårsdagen. Emnetre skulle hoggast på denne dagen. Dagen før vart kalla midtvintersdagen fordi han fall midt mellom vinterdagen 14. oktober og fyrste sommardagen 14. april.

På Englefardagen, også kalla Eldbjørgdagen, 7. januar, måtte alle døde i slekta som hadde vitja huset i jula, venda attende til det hinsidige. Primstavmerket kunne vera ein liten kross eller ei klokke.

Johnny Grøthe

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensj. tannlege/skribent