Eit rett val

Buskerud fylkeskommune har vedteke neste års skuletilbod i dei vidaregåande skulane. Ål vidaregåande skole, avdeling Lien blir ikkje vidareført etter sommaren 2018. Ut over dette blir det ingen store endringar i skuletilbodet i Hallingdal.

Det er eit historisk vedtak når naturbruk-tilbodet på Lien ikkje blir forlenga ut over 2018, men overført til Rosthaug videregående skole på Åmot. Det kjem likevel ikkje som nokon stor overrasking. Tilbodet på Lien har hange i ein tynn tråd lenge på grunn av liten søknad. Utfordringa for Lien blir å vidareføre landbruksrelaterte studietilbod på nye måtar, eit arbeid som krev samarbeid mellom fleire partar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derimot er resten av skuletilbodet i Hallingdal lite endra. Det var ikkje gitt at det vart slik då fylkeskommunen for om lag eit år sidan starta arbeidet med å sjå på det framtidige skuletilbodet i Buskerud. Fylkeskommunen må også vende på kronene, og kraftinntekter har svikta. Det førte til at administrasjonen stilte spørsmål ved fleire skuletilbod i fylket, også i Hallingdal.

Idrettsfag hang i ein tynn tråd. Det same gjorde musikk, dans og drama og medier og kommunikasjon. Utkastet braut med hovudlinja innan utdanning i fylket, nemleg at alle regionane skal ha eit så breitt og heilskapleg studietilbod som råd. Med eitt var det skapt uvisse for framtida til fleire studietilbod.

Heldigvis var politikarane kjapt ute i haust og parkerte eit slikt linjeskifte, fyrst i hovudutval for undervisning, seinare i fylkestinget. Her vart det slått fast at fylkeskommunen «skal legge gjeldende tilbudsstruktur til grunn for dimensjoneringen av utdanningstilbudet».

Då hovudutval for undervisning vedtok tilbodet for komande skuleår, uttalte utvalsleiar Sissel Urke (V) at «eit breitt skuletilbod i heile fylket er det beste me kan gjera for å opppretthalde aktivitet i distriktet». Politikarane slår altså fast at ein ikkje berre skal sjå på studietilbod isolert, men i ein større samfunnsmessig samanheng der målet er å sikre sterke regionar i heile fylket.

Politikarane skal ha honnør for å sjå dei store linjene. Det er dette som er politikk. Og det er dette me har etterlyst i fleire reformer me er midt oppe i, der politikarane ikkje har lagt inn nødvendige føringar som sikrar distrikta. Det har fylkespolitikarane gjort i denne saka, og det fortener dei ros for.