Carl von Ossietzky avbilda som konsentrasjonsleirfange etter at han sto opp mot regimet i Nazi-Tyskland i trettiåra.
Carl von Ossietzky avbilda som konsentrasjonsleirfange etter at han sto opp mot regimet i Nazi-Tyskland i trettiåra.

Ei historie om mot

Sivilisasjonssamanbrotet i Europa i mellomkrigstida har alltid undra meg.

Korleis kunne diktaturet vinna innpass i ein kulturnasjon som Tyskland? Ei motrøyst frå den gongen er journalisten og demokratiforkjemparen Carl von Ossietzky. Han inspirerer også i dag.

Ossietzky kjempa og døydde for ytringsfridom, rettstryggleik og fred. Han kjempa mot militarisme og nazisme. For 80 år sidan fekk han Nobels fredspris.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdra til fred!

I fjor haust hadde eg gleda av å høyra forfattaren Inge Eidsvåg halda fordrag om Ossietzky på Holocaust-senteret i Oslo. Han karakteriserte Ossietzky som ein spegel for vår tid. Ossietzky kan gjera oss i stand til å avsløra den kjenslelause makta og kjenna att sivilt mot.

Dei forferdelege slagmarkene på Vestfronten under 1. verdskrig var utgangspunktet. Her deltok Ossietzky i det han seinare kalla «keisarens lovbrot». Han opplevde krigen som «dirigert og organisert mord». Desse røynslene gjorde han til prinsipiell motstandar av valdsbruk. Han beundra Mahatma Ghandis ikkjevaldsfilosofi. Oppdra til fred! – det vart hovudsaka for Ossietzky.

I den kampen var han den uredde journalisten og redaktøren. I tidsskriftet «Die Weltbühne» kom han til å setja merke etter seg. Forfattaren Sigurd Hoel karakteriserte tidsskriftet som «den våkne samvittighet i Tysklands politiske liv». I spaltene kjempa Ossietzky mot alt frå dødsstraff, aggressiv nasjonalisme, antisemittisme, til kanskje det viktigaste; å avsløra den hemmelege tyske opprustinga som var i strid med Versailles-traktaten. Han nytta opne kjelder, men vart dømt for spionansje og hamna i fengsel og konsentrasjonsleir; her fekk han umenneskeleg behandling. Vener og kjente kulturpersonar reagerte. Ein internasjonal kampanje arbeidde også for å få sett Ossietzky fri.

Tyske styresmakter tok etter kvart til å innsjå at den kjente fangen deira, «landssvikaren», kanskje kunne få Nobels Fredspris. Nazileiaren Hermann Göring lova Ossietzky fridommen viss han braut med si overtyding og ville seia frå seg ein eventuell fredspris. Men Ossietzky bøygde seg ikkje.

Han skal ha svart: «Eg var, er og forblir pasifist!»

Farleg å vera feig

Då fredsprisen vart kunngjort i 1936, skapte det store bylgjer. I sjølve Nobelkomiteen hadde det herska intern usemje. Kongefamilien valde å utebli frå sjølve seremonien. Aftenposten kalla pristildelinga for «en meget stor feilvurdering». Knut Hamsun var sterkt imot prisen og hetsa Ossietzky, medan Sigrid Undset samla forfattarkollegaer til støtte for han. I Tyskland vart Hitler rasande: Han forbaud tyskarar å ta imot nobelprisar for all framtid!

Men for mange representerte denne prisen eit håp i ei mørk tid.

Carl von Ossietzky var mannen som ikkje flykta, men som sto opp og kjempa for eit anna Tyskland. Forskningsdirektøren ved Nobelinstituttet, Asle Toje, skriv at i 1936, for første gong, tok Den Norske Nobelkomite parti for ein varslar som kjempa for fred og grunnleggjande borgarrettar, mot eit sitjande regime.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit brev til leiar i Nobelkomiteen, Fredrik Stang, frå ein av konsulentane, kom det klart fram kva prisen handla om:

«I en tid som denne skal fanen holdes høit. Det er farlig å være feig.»

Ein viktig parallell

Farleg å vera feig?

Eg tenkjer i denne samanhengen på den amerikanske varslaren Edward Snowden som 7. juni i år får Ossietzky-prisen, noko forseinka. Snowden varsla om amerikanske styresmakters massive overvaking av internasjonal tele- og datatrafikk. I fylgje Norske PEN, den norske avdelinga av den internasjonale forfattar- og ytringsfridomsforeininga, representerer Edward Snowdens avsløringar ei av dei viktigste hendingane i internasjonal politikk i dei seinare åra, og ei alvorleg legitimitetskrise i utanriks- og tryggjingspolitikken. - Snowden lever no i eksil i Russland.

Vil norske styresmakter sikra Snowden trygg reise hit til landet for å motta prisen?

Er me viljuge til å stå opp for menneskeverd, mot urett? Har me motet som skal til, det motet som Carl von Ossietzky har vist oss?

Sjølv oppgav han aldri håpet. På veggen hans i det svært enkle husværet i Berlin hang eit innramma ordspråk: «Durch alle Niederlagen und alles Unglück leuchtet doch die Hoffnung wie ein ewiger Leitstern.» («Gjennom alle nederlag og all ulykke lyser dog håpet som ei evig stjerne som leier oss.»)

På Nobels Fredssenter i Oslo er no ei flott utstilling om varslaren Carl von Ossietzky og fredsprisen som rysta Europa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens ytring

Birger Bolstad

Lektor – Torpo