Dramatisk

På informasjonsmøta i Lærdal og Ål denne veka kom den dramatiske meldinga: Miljøstyresmaktene foreslår å ta ut heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella (området mellom Rv52 og Fv50) i eit forsøk på å få bukt med skrantesjuka (CWD).

Fagkorpset frå NINA, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet var samstemt i kva dei meiner bør gjerast for å få has på sjukdomen. Så lenge han ikkje er påvist i andre villreinstammar, er nedskyting av Nordfjell-reinen på 1500 dyr det som kan hindre vidare spreiing til andre stammar og andre dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

CWD (cronic wasting disease) er ein smittsam, kronisk, nevrologisk sjukdom hjå hjortevilt, som fyrste gong vart påvist hjå hjort i USA. Dyr som får sjukdomen døyr relativt raskt. Alarmen gjekk i 2016 då det vart påvist tilfelle av CWD på ein villrein i Nordfjella. Seinare er det påvist to tilfelle i same området. Det er også registrert skrantesjuke på to elgar i Selbu.

Å utrydde ein stamme på 1500 dyr, frede området og så etablere ny stamme etter ein del år, er eit dramatisk tiltak. Samtidig er CWD kanskje endå meir dramatisk. Får sjukdomen utvikle seg fritt, snakkar me om ein katastrofe for både villrein og kanskje også andre dyr.

Er sjukdomen i ein tidleg fase og avgrensa til eitt område, vil det vera feil å avvise eit forslag om ta ut stammen. Samtidig melder det seg mange spørsmål, kva er dei rette tiltaka, kva konsekvensar får dei og korleis kan dei bli gjennomførte? Me merkar oss at informasjonsmøta i Lærdal og Ål ikkje var prega av harde frontar mellom faginstansar og grunneigarar, slik ein ofte opplever i kontroversielle saker i viltforvaltninga, men heller felles fortvilels over alvoret i situasjonen.

Det er eit godt utgangspunkt for den vidare vurderinga av kva som skal skje. Her kviler det eit stort ansvar på miljøstyresmaktene, med opne prosessar, god informasjon og å involvere grunneigarar og jaktinteresser i den vidare prosessen.

Det er også avgjerande at ein parallelt jobbar seriøst med å finne årsaka til at sjukdommen kom til Nordfjella. Har den oppstått spontant utan utvendig påverknad, eller er det eit resultat av menneskeleg aktivitet? Og er det nokon fellesnemnar mellom smitta rein i Nordfjella og CSW-tilfella på elg i Selbu?

Viss styresmaktene går så drastisk til verks og tek ut heile stammen i delar av Nordfjella, må ein sikre at nye tilfelle ikkje oppstår. Derfor er det viktig å finne årsaka til at sjukdomen kom hit.