Tømmerkøyring med doning, Emil Stuveset på lasset.)
Tømmerkøyring med doning, Emil Stuveset på lasset.)

Den nordiske velferdsrevolusjonen

Ordet revolusjon blir brukt om grunnleggjande endringar som den industrielle revolusjonen, som tok 100 år, den franske i 1789 og den russiske i 1917. På liknande vis kan me prate om den nordiske velferdsrevolusjonen frå tidleg til seint 1900-tal.

Går me attende til då perioden byrja, var dei nordiske landa alle saman fattige og problemfylte, på nivå med, eller under, det normale av utvikling i Europa den tid. Norge til dømes var nest etter Irland landet i Europa med størst utvandring etter innbyggjartal. 100 år etter var desse landa blant dei 10–15 av verdas land i toppen på globale velferdsindeksar, med høgare levealder, betre helsestell, betre utdanningstilbod og mindre fattigdom og arbeidsløyse enn i andre land.

Ulike

Frå naturen er dei nordiske landa ulike, Island med fisk i mengder og lange avstandar, Norge med fisk og vasskraft, Sverige med skog, vasskraft og tidleg industri, Danmark med lite areal og nesten heile landet oppdyrka, og Finland med veldige skogar. Dei har ulik historie. Sverige og Danmark har vore ovanpå, Island, Norge og Finland koloniar. Sør-Sverige, Danmark og til ein viss grad sørlege Finland har hatt adel, dei andre ikkje. Og dei har ulik internasjonal tilhøyring no, Island utan eige forsvar, Norge og Danmark lojale NATO- og USA-venner, Sverige og Finland nøytrale, men Finland med band også mot aust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Altså må me finne forklaringa på velferdsrevolusjonen i andre forhold enn natur, historie og politisk tilhøyrsle. Det som skil desse landa frå land flest, er satsinga nedanfrå. Tenkinga bak dette voks fram på 1800-talet, med Hans Nielsen Hauge og Grundtvig, folkehøgskular og bibliotek, skriftmål nær talemåla og etter kvart eit mylder av organisasjonar.

Folkeleg

Medan ein måtte vere forretningsmann, sakførar, lege eller storbonde for å bli politikar i alle desse landa på 1800-talet, skjedde ei endring dit at til dømes husmannsson og sagbruksarbeidar Johan Nygaardsvold vart norsk statsminister, følgd av vegarbeidar Einar Gerhardsen, elektrikar Oskar Torp og bygningsarbeidar Trygve Bratteli, i Sverige industriarbeidarson Per Albin Hansson og mange fleire.

Medan folk i mange europeiske land måtte ha nære band til overklassen for å bli forfattarar, kom mange av Nordens fremste frå små kår, statar*-, husmanns- eller proletarmiljø, Väinö Linna, Ivar Lo-Johansson, Alf Prøysen, Martin Andersson Nexø og Halldór Laxness, for å nemne ein frå kvart land.

Ein tanke om at vanlege folk er noko verdt og har noko å bidra med, slo altså rot. Denne tanken låg også bak innføringa av generelle velferdsordningar i alle landa. Norge fekk alderstrygd i 1936, og den var for alle og ikkje berre for dei som hadde opparbeidd seg pensjon. Dei einaste unntaka var rikfolk og forbrytarar. Etter kvart kom sjuketrygd, arbeidsløysetrygd, barnetrygd og enke- og morstrygd. Tilsvarande ordningar kom i andre land i det framleis nokså fattige Norden.

Rikast

No, når dei nordiske landa har vorte rike og Norge rikast, har eit mål vorte å byggje ned att velferdsstaten. Alderstrygda blir vatna ut, sjuketrygda like eins, innvandrarar med 10 og 15 år i landet blir sende vekk, samfunnet har ikkje lenger råd til skular i bygdene, ikkje lensmenn og ikkje til dagleg postlevering. Norske politikarar rosar seg av å føre Europas mest restriktive asylpolitikk, og dei ignorerer internasjonale klimaavtalar. På nytt blir det meir og meir slik at profesjonelle skal styre og vanlege folk vere undersåttar, som på 1800-talet. Den dagen dette blir skrive, ber ein statsråd rektorar skrive rapportar til NAV om femteklassingar som gjer det dårleg på prøver. Uferdige og famlande 11-åringar skal altså inn i systemet som framtidige sosiale kasus.

I staden bør me i Norden framleis leggje til grunn det som gav oss velstandsveksten på 1900-talet, at småkårsfolk ikkje er undersåttar, men ressurssterke og handlekraftige menneske. At når landa på eit snautt hundreår tok steget frå fattigdom til velstand, er hovudforklaringa at småkårsfolk slapp til.

Olav Randen