Verdien av arbeid

Dei færraste av oss tenkjer over verdien det gjev å ha eit arbeid å gå til. Det kan difor vere sunt i blant å spørje seg; kva om jobben ikkje var der?

Mange opplever å stå utanfor arbeidslivet i fasar av livet. Det er menneske med ulike livshistorier og behov. Menneske som ikkje kan fortsetje i yrket sitt grunna fysiske og psykiske plager, som har mista jobben i samband med omstilling, som har vore sjukmelde over tid og er usikre på vegen vidare, som har nedsett arbeidsevne og behov for omskolering, som har ein sjukdom eller andre begrensingar og dermed behov for tilrettelagt arbeid over lang tid. Eller det kan vere ungdom som har droppa ut av skulen.

Dette handlar om folk flest – du og eg. Dei fleste ynskjer seg ein jobb. «- Det må då vera bruk for meg med ein stad», høyrer vi ofte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnsøkonomisk treng vi fleire hender og hovud i arbeid for å oppretthalde velferdsstaten. Minst like viktig er at lønna arbeid aukar både livskvaliteten og virkar helsefremmande for den enkelte. Dette er gevinstar større enn tal på eit papir.

I kraft av formålet vårt som verksemd, og som leverandør til NAV, har arbeids – og inkluderings- bedriftene eit stort ansvar for at fleire kjem i arbeid.

Viktige tal

Bransjen vår, 100 bedrifter på landsplan, formidla i 2017 9000 personar i jobb, ei auke på 2000 frå 2016.

I bedrifta eg jobbar, er 25 av dei 152 hallingar som nytta ulike arbeidsretta tenester i 2017, no i lønna arbeid. Dei 3 siste åra har 80 personar kome i lønna arbeid via oss.

Dagleg nyttar rundt 75 hallingar dei ulike arbeidsretta tilboda i bedrifta. 40 av desse er ute i bedrifter i Hallingdal. Mange er i ferd med å nå målet sitt om fast, lønna arbeid. Andre er på veg til fagbrev. Nokre styrkar norskferdigheitene sine. Andre får verdifull arbeidstrening og kvalifisering, både i andre bedrifter og på våre eigne interne opplærings- og arbeidsarenaer.

Suksessfaktor

Arbeidsinkludering, slik vi tenkjer, er fundert på eit tillitsbasert samarbeid med arbeidsgjevarar.

Vi kjenner arbeidssøkjarane etter grundig kartlegging og opplæring. Likedan gjer vi oss godt kjent med behova arbeidsgjevar har. Når vi koplar desse behova opp mot arbeidssøkjarane sine ressursar og kompetanse blir det god jobbmatch. Dette betyr meir for arbeidsgjevar enn om arbeidssøkjaren måtte ha nokre hol i CV-en. Ein fast kontaktperson samarbeider med begge partar.

Denne metodikken er også fundamentet i RingerIVannet (RIV), prosjektet NHO starta opp i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsbedriftene for 5 år sidan. RIV er ei moglegheit for medlemsbedriftene i NHO til å rekruttere verdifull arbeidskraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styrken er nettopp at ein tek utgangspunkt både i den enkelte sine behov og ynskje og det behovet bedriftene har for arbeidskraft. Vi finn aktuelle jobbklare kandidatar til bedrifter med behov for rekruttering. Bedriftene har i framkant teikna rekrutteringsavtale og sagt seg villig til å prøve å rekruttere personar med nedsett arbeidsevne. Bedriftene får ynskt og etterspurt arbeidskraft som passar for bedrifta. Tett oppfølging av ein fast kontaktperson heile vegen gir tryggleik for begge partar. Slik sett skjer trygg, kostnadsfri rekruttering via oss.

Suksess

NTNU Samfunnsforskning har nettopp evaluert denne RIV-metodikken.

Dei dokumenterer at 80 % av kandidatane får fast tilsetjing, 77 % svarar at kandidatane matcha godt behovet bedrifta har, 84 % av NHO-bedriftene stoler på arbeids- og inkluderingsbedriftene og vurderingane våre av kven som passar inn. 74 % svarar at kandidatane innfridde forventningane.

NTNU peikar på at eit ubyråkratisk mellomledd er ekstra godt egna til å gje arbeidsgjevarane og kandidatane den nødvendige oppfølginga som skal til for å lukkast.

Meir av det som virkar

Vi er sterke i trua på at 2018 vil åpne endå fleire dører til jobb for arbeidssøkjarar som følgjer tiltak og kurs i regi av oss. Dette får vi til gjennom godt samarbeid med NAV og private og offentlege bedrifter. Resultatet er verdifullt både for enkeltmennesket, arbeidsgjevaren og samfunnsøkonomien.