Alle kom vi oss heilskinna gjennom ein nesten litt for god juleferie, med god mat og fine presangar.
Ein måtte til tannlegen med eit par knekte tenner og ein påfølgjande psykisk knekk, men elles var juleferien upåklageleg.
På skulen er tilstandane for tida ganske rolege, no i tomrommet mellom slutten av fyrste termin og fram til premiera på russerevyen. Derimot går det føre seg ein del "utanomsportsleg" aktivitet.
Alle tredjeklassingane var onsdag førre veke (20. januar) på utdanningsmesse i Lillestrøm, og med på lasset var sjølvsagt medlemmene på Bembilen. Skal ein oppsummere denne dagen, kan ein nøye seg med to ord: Buss og "forvirrande". Totalt sett sat vi mellom sju og sju og ein halv time i buss, med i underkant av tre timar med vandring blant hundrevis (i alle fall kjendest det slik ut) av ulike standar. På kvar av standane prøvde litt for ivrige - heilt på grensa til å vere fanatiske - representantar å fange oss inn og overbevise oss om at akkurat deira studieretning var den beste å velje. Denne turen gjorde i alle fall ikkje underteiknande mindre usikker på vidare studiar, og eg trur heller ikkje eg er den einaste.
Dessutan er også førebuingane til årets russerevy i full gang, og dei fleste rollene er allereie delt ut. Det blir også jobba godt bak scena, og med alle dei seine kveldane vi har i vente, ligg alt til rette for den beste russerevyen på mange år. Må opplevast!
Det skal også nemnast (som seg hør og bør) at Bembilen har inngått eit spennande samarbeid med den lokale artisten Per Olav Noss. Dei to partane skal etter sigande ha eit spenstig songprosjekt på trappene, og meir informasjon om dette kjem seinare. Hald deg på denne frekvensen også i framtida!
RSS
KONTAKT OSS

I skrivande stund er vi godt i gang med det nye året, og ein oppdatering på kva medlemmene på Bembilen driv med om dagen er på sin plass. 