Fredag 30.juli 2010
17. mai
Bunadskledde og klare for is, tog og potetløp

Godt nyttår!

Ja, då er året 2009 historie, og eit nytt tiår står for døra. Me har, i dette høvet, tatt eit lite tilbakeblikk på store og små, viktige og uviktige hendingar som har engasjert og opptatt oss i året som har gått.

Fontstørrelse A A A

18 år!

2009 er kanskje fyrst og fremst det året me vart vaksne (iallfall formelt sett). Me kom i gang med det avsluttande året på vidaregåande, og opplevde at fyrsteklassingane slettes ikkje har så mykje respekt for dei eldste som tidlegare (ungdommen no til dags!).  Dei politiske debattane vart stadig heftigare utover hausten (noko som må tyde på at me faktisk er ganske modne), og fleirtalet av oss nytta stemmeretten for fyrste gong ved stortingsvalet. Me vart myndige og byrja så vidt på russefeiringa (noko som inkluderar kjøp av russebil, bestilling av russekort og ikkje minst blogging), og mange av oss nytta året til å få førarkort (enkelt med større vanskar enn andre).

 

Epidemiar, pandemiar og hysteri

Antibac, H1N1 og vaksinekøar prega i stor grad nyheitsbiletet i 2009, og svineinfluensa var det store samtaleemnet i heile sommar. Eit par av oss stifta truleg kjennskap til viruset, men heldigvis utan særlege konsekvensar. Verre var det då med ?Paradise Hotel?-feberen som herja Gol vgs i vinter. 4 kveldar i veka vart all merksemd retta mot Petter, Kevin, Therese, parseremoniar og lesbe-sex, før alt vart grundig analysert påfølgjande dag. Uansett kor tvilsamt dette kan høyrest ut, meiner me at ingenting var så skadeleg og ikkje minst smittsamt som ein viss felespelande MGP-artist. Joda, stas med norsk siger i Eurovision etter år med pinlege nedturar som WigWam og Guri Schanke, men det får vera grenser. Me er verkeleg ikkje interessert i fleire detaljar om ekskjærastar og sure fiolinar, og det må vel seiast at ?I?m in looooooove with a fairytaale!? egnar seg særs dårleg som allsong.     

 

This is it

25. juni 2009 gjekk ein av verdas desidert største artistar nokosinne, Michael Jackson, bort, og ei heil verd var i sorg. Trass i at me ikkje har opplevd moonwalk, leggvarmarar, walkman og BALL-genserar live, var det umogeleg å ikkje verta prega.?Thriller?, ?Billie Jean? og ?We Are The World? er å finne på dei fleste iPodar, og må reknast som udøydelege hits.     

 

Lille Norge

Fjoråret sette verkeleg Noreg på kartet. Nordmenn i utlandet er som kjent ikkje alltid like veloppdregne, men to kjekke karar ved namn Tjostolv og Joshua  har verkeleg heva standarden. Som fast følgjetong i VG og Dagbladet har ein kunne følgje eventyrarane sine opplevingar, dag for dag, og det må vel vera lov til å seie at det er lov til å bli lei. FN kåra nok ein gong Noreg til å vera verdas beste land å bu i, og kva var då meir passanda enn å invitere verdas mest populære mann, Obama. Og ikkje nok med det. Samstundes heldt storsjarmørane A1 sine fyrste comeback-konsertar nett i Oslo, noko som vart årets høgdepunkt for enkelte Bembil-medlem (for ikkje å snakke om sjølvaste Christian Ingebrigtsen på julejammen på Pers) . Lokalt sørgde supersyskena Håvard og Hege frå Hol for at det er ekstra status å vera halling, der dei har gått frå noregsrekordar til trenarbråk med Hallingdølen på slep.

 

Moderne tider

Det fyrste tiåret på 2000-talet er altså over, men likevel viser det seg at gamle fordommar lever i beste velgåande. Asylmottak skapte storm og debatt i heile Hallingdal, og i Hemsedal gjekk enkelte så langt som å spå at dette ville skade turismen. Vel, det er lett å vera etterpåklok, men det viser seg faktisk at folk trassar farane og likevel tek turen oppover. De er framleis trygt å ferdast ute i mørkret på Tuv, og innbyggjarar flest har enno ikkje vorte blanda inn i blodige gjengoppgjer. Flaks. Homofili er heller ikkje så greitt, viser det seg, iallfall ikkje på TV. Heldigvis er det mange som tørr å protestere, og det er godt å sjå at slike saker vekkjer debatt.

 

Ja, det var ei kort oppsummering av 2009. Eit år fylt med mykje moro og mange gode opplevingar. Forhåpentlegvis vert 2010 minst like innhaldsrikt, både for oss og for dykk. Me skal alle avslutte russefeiringa og 3. klasse, deretter ber det vekk frå heimen og Hallingdal og ut i den store verda. OL og Eurovision vert truleg nasjonale feiringar som ber den norske sjølvkjensla mot usunne høgder, . Store ufordringar og spørsmål vil også verta stilt. Vil Obama bevise at ?yes, he can?, og ikkje berre ?yes, he really, really want?? Kan menneska klare å stoppe klimaendringane? Vil Aslag Haugen nokosinne få tilbake sangstemma? Og sist, men ikkje minst, heiter det ?totusen-og-ti? eller ?tjue-ti?? Den som ventar, får sjå!

 

Ønskjer alle lesarar eit vidunderleg, fantastisk og storarta 2010!

 

Nyttårshelsingar frå Bembilen.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:05 | http://www.hallingdolen.no/meiningar/blogg/bembilen/article111139.ece

annonse
annonse
annonse
annonse