Blånissane.

Ein skal lytta når gamle hundar gøyr, heiter det i ordtaket.

Ved årsskiftet, på terskelen til valåret 2017, kunne Hallingdølen melda om to blånissar øvst i dalen som hadde komi på betre tankar. Dette var ingen kven som helst. Det var nissar med god røynsle frå styre og stell, som no ikkje kjende att sitt kjære parti og sine reformivrige partisanar. Knallhard sentralisering og nedbygging av distriktnisseheimen, gjer at dei to no manar til kamp mot denne utviklinga. Dei melder seg til teneste for fjøsnissehæren, som verkeleg har vind i segla for tida. Dette takka vera blånissane sine urbaniserings- og stordriftstankar. Desse to heidersmennene blant blånissane, viser stor politisk kløkt. Manglande gangsyn og skuggelappar hos mange andre blånissar, gjer at dei ikkje tek ansvar og vender partiet ryggen, sjølv om vegen går mot stupet for store delar av vår kjære nisseheim.

Til topps

Det merktes like til topps i blånisseleiren, når to høgt verdsette medlemer vender partiet ryggen, samtidig som andre i blånisseflokken oppunder fjellbremmen murrar over det som skjer. Her måtte noko gjerast. Ein leiarnisse av høg rang i partiet, og med oppvekstår i turistbygda øvst i dalen, kom for å ordna ro i rekkene. Der vart visst ikkje slakta nokon gjøkalv, for å skapa fest i yr glede over heimkoma til den «fortapte sonen», slik vi kjenner historia frå bibelsoga. Nei, det vart vel kanskje meir lik hendinga frå militærplassen. Ein gris var komen inn i kantina, og det vart eit svare oppstyr. Blant dei menige var der ein som ofte svara med høvelege bibelord. Du har vel kanskje eit bibelsitat for denne hendinga også, du? «-Han kom til sine eigne, men dei kjendest ikkje ved han», vart det raskt svara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har gjennom fleire år vori eit populært TV-program. Meiner du at større og større delar av nisseheimen skal gå i denne kategorien, så er det ein god grunn for å dilta trufast etter blånissane i gode og vonde dagar.

Gode ynskje

Denne ytringa er ikkje eit innlegg i ein komande valkamp, men all ære til dei to fråfalne blånissane i dalstroka innanfor. Alle gode ynskje for eit distriktsopprør mot blånisseveldet. Kanskje vestavinden kan spreia deira bodskap som ringar i vatn. Håpet er at fleire blånissar er modige og klarsynte nok til å koma ut av skåpet.

Blånissane er ikkje noko nytt fenomen. I gamle dagar tenkte folk at troll og underjordiske var blåkledde, og at dei kunne vera til pest og plage for både folk og fe. Under den store flukta frå landsbygda i etterkrigstida, flytte også desse skapningane til meir urbane strøk. Gjennom tiåra har dei i stor grad slegi seg ned innanfor Ring 3 i Oslo-gryta. No sit desse overnaturlege vesena som ein rev bak øyra på mang ein blånisse. Det er lite truleg at blånissar med rev bak øyra, vil det beste for distrikta i nisseheimen.

På slutten av denne ytringa, er det betimeleg å minna om ein replikk frå Henrik Ibsen sitt skodespel Samfunnets støtter. Der seier konsul Bernick: «-Man må dog virke for det samfunnet man lever i». La denne replikken gå som ei helsing til «vegvisarane» Harald Aagaard og Arne Skogheim. Dette er ord nokon og ein kvar også kan leggja seg på hjarta. Godt år!

Odd Skarsgard