Skribenten meiner me må sjå dei mindreårige asylsøkarane som dei borna dei er ikkje. Ikkje som ein papirbunke med asylsaker som me gler oss over at har vorte mindre. (Arkivbilete).
Skribenten meiner me må sjå dei mindreårige asylsøkarane som dei borna dei er ikkje. Ikkje som ein papirbunke med asylsaker som me gler oss over at har vorte mindre. (Arkivbilete).

Alle born har rett til vern!

Er ikkje menneske som flyktar frå krig og forfølging lenger velkomne hit til oss?

Rundt om på dei mange asylmottaka i Norge sit mindreårige som er i ferd med å gå til grunne. Skal me berre sitja stille og sjå på?

Desse viktige spørsmåla er for alvorlege til å gøymast bort og avgjerast av politikarane åleine. For når bombene fell over Syria, flyktningar druknar i Middelhavet, menneske rømmer frå krig og forfølging, så synest den norske regjeringa å ha som mål at færrast mogeleg av flyktande menneske skal koma hit til landet. Og av dei som kjem, skal flest mogeleg sendast ut, til ei uviss framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Europas strengaste

I 2016 har meir enn 4.600 menneske drukna i Middelhavet, over 1000 fleire enn i kriseåret 2015. Men talet på flyktningar og asylsøkjarar som no kjem til Norge, er lågare enn på tiår, og me har – ifølgje ei skrytande regjering – Europas strengaste asylpolitikk. Den norske behandlinga av afghanske asylsøkjarar har også nådd spaltene i New York Times.

Dette er berre flautt og trist! Kynismen i asyl- og innvandringspolitikken er eit nederlag for menneskerettane, humanismen, solidariteten, nestekjærleiken.

Og kva med barnekonvensjonen, som Norge er forplikta på, om at alle born har rett til vern?

Det er særleg det politiske råkøyret mot einslege, mindreårige asylsøkjarar (EMA) som opptek meg. Som representant (verje) for to mindreårige på mottak, har eg lært dei og andre ungdommar å kjenna. Læringskurva mi har vore bratt, og eg har fått viktige problemstillingar å bryna meg på.

Slik er situasjonen

Dei offisielle tala frå Utlendingsdirektoratet (UDI) er slik:

I 2016 søkte 3.460 personar om asyl i Norge. 320 var einslege mindreårige, 128 av desse var frå Afghanistan og 47 frå Eritrea (dei største gruppene). Til samanlikning: I 2015 oppgav 5.300 asylsøkjarar at dei var mindreårige.

På asylmottaka i Norge sit dei altså, borna, og ventar og ventar og uroar seg. Mange ber på vonde opplevingar frå eit krigsherja land og ei farefull reisa hit til oss: Lever familien min, kvar bur dei i tilfelle? Korleis skal det gå med meg: Får eg bli i Norge, eller må eg ut – og til kva?

Og den store styrkeprøva, sjølve eksamen, er asylintervjuet som dei skal igjennom og som varer ein heil dag. Korleis vil redde, engstelege born greia seg her – etter å ha vore gjennom vanskelege månader og tvilsam alderstesting?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me kan knapt ta inn over oss det psykiske presset som desse ungdommane er utsette for. Mottakslivet er prega av sterke kjensler og resignasjon som gir seg utslag i stort skulefråvær, depresjonar, søvnproblem, sjølvskading og høgt konfliktnivå.

Fleire rømmer

Fleire av desse borna kan bli sitjande på mottak i fleire år. UDI gir avgrensa opphaldsløyve, for eitt år om gongen, om ein ikkje kan leggja fram godkjente ID-dokument. Men for mange born, særleg frå Afghanistan, er det vanskeleg, om ikkje umogeleg, å få tak i dei rette dokumenta frå heimlandet. Altså blir ein heller ikkje busett i ein norsk kommune. Og når ein blir 18 år, må ein ut or landet.

Fleire stikk difor av. I 2016 har 182 EMA-born forsvunne frå mottak i Norge. Tre fjerdedelar av desse er frå Afghanistan. Styresmaktene veit ikkje kvar desse borna er.

Dette undrar meg. Er det andrerangs born me snakkar om? Hadde dei vore etnisk norske, så ville storsamfunnet sett i gang store leiteaksjonar, og media ville vore tett på. Men desse unge er jo «berre» asylsøkjarar, eller har fått mellombels opphald og skal snart ut or landet likevel, må vita.

Men kva liv rømmer dei til?

Nestekjærleik er realpolitikk

Den politiske debatten og vedtaka om asyl og innvandring synest å bli hardare og kaldare i mange land, også i Norge. Er me i ferd med å mista verdiane våre, me som er etterkomarar av Fridtjof Nansen, den store humanisten? Gløymer me barnekonvensjonen?

Nansen kan framleis inspirera oss. Han seier mellom anna:

«Ingen realpolitikk i et sivilisert samfunn er tenkelig uten på grunnlag av nestekjærlighet – gjensidighet, hjelpsomhet, tillit. Det er den klippe hvorpå alt menneskelig samkvem må bygge – den eneste mulige.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarar og bygdefolk, la oss ta vare på dei einslege, mindreårige asylsøkjarane. Dei treng oss.