annonse

Avis i skulen

Arbeidet med Avis i Skolen i Hallingdølen er delt mellom Grete Sveinhaug og Tor Folgerø. Tor besøkjer skolane om nokon ønskjer det. Dersom det er skoleklassar som gjerne vil kome på besøk i Hallingdølen kan avtale om dette gjerast med Tor.  Det er i første rekke elevar i ungdomsskolen og i vidaregåande som vil ha utbyte av besøk hjå oss.

Ta kontakt med Grete dersom de ønskjer klassesett av avisa eller anna Avis i skolen-materiell.

Avisveka.
I veke 44 vil elevane på 4., 6. og 9. trinn få tilbod om å motta elevhefter og ei vekes klassesett av Hallingdølen.

Skrivestafett.
7. trinn. Ein forfattar skriver første kapitlet, og påmeldte klasser får deretter utdelt kvart sitt kapittel å skrive. Det blir sett opp kjøreplan der klassane ser kva for kapittel dei skal skrive.

Nilesaren.
Dette er eit tiltak for dagsaktuell undervising  for 9. trinn. I ni veker får elevane  gratis aviser og ferdige oppgåvesett. Læraren kan sjølv velja tidsrom for gjennomføring.

Kommunestyre-og fylkestingsval/ Stortingsval.

I samband med alle val gir AiS ut eigne elevhefter for mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule, og Hallingdølen tilbyr gratis klassesett av avisa i tre veker  i tida før valet.

Grete Sveinhaug    Tor Folgerø
Tlf: 32 08 65 03       Tlf: 32 08 65 21
gt@hallingdolen.no  tf@hallingdolen.no