annonse

Tre hovudprisar til Hallingdølen

Årets lokalavisfoto
Årets lokalavisfoto: Biletet av Edvin, fem minutt ung, vann prisen for beste lokalavisfoto. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard)
Heiderleg omtale
Heiderleg omtale: «Neste hopper ut i Helsinglia BigAir er Dominique Dompap. Perfekt stil ut frå hoppkanten 3x19,5 som gjeldande stilkarakterar. Legg også merke til den svært godt tilpassa hoppdrakta. Dominique går inn på en foreløpig førsteplass.» (Foto: Kristin Devor)
Fotograf
Fotograf: Signe Fuglesteg Luksengard. (Foto: Privat)

Det vart både prisar og heiderlege omtaler til Hallingdølen under landsmøtet i LLA i helga.

Line Sandvik

Årets lokalavisside, Årets lokalavisfoto og Årets digitale satsing. Hallingdølen vann prisen i desse tre kategoriane under landsmøtet til Landslaget for lokalavisers (LLA) i Bodø i helga.

I tillegg fekk Hallingdølen heiderleg omtale i Årets lokalavis, samt i Årets lokalavisfoto.

Brei dekning

Over 12 sider presenterte Hallingdølen heimefødselen til Hilde Mesics Kleven. Ein reportasje som imponerte juryen stort. Dei meinte at reportasjecoveret var eit av dei sterkaste dei har sett – nokon gong. Dei rosar og gjennomføringa, både historia, bileta og presentasjonen over 12 sider. «Dette fortener lesarar langt utover Hallingdal», skriv dei. Fagjuryen bestod av Gard Michalsen og Erik Waatland i Medier24. Dei plukka ut fem finalebidrag som vart presentert under landsmøtet. Deltakarane på landsmøtet plukka så ut vinnaren.

Journalist, og pappa, Sindre Thoresen Lønnes skreiv sjølv saka om heimefødselen. Fotograf Signe Fuglesteg Luksengard foreviga det heile.

– Stor stas at landsmøtet plukka ut årets lokalavisside frå denne saka. Eg har vel aldri grave så djupt i sjela, eller vore så personleg, nokon gong, seier Lønnes. Han legg til at han har skrive personleg før. Og at det er desse sakene han får mest tilbakemeldingar på.

– Dette er det største i livet og noko av det mest personlege å fortelje om. Me bestemte oss for å dele dette, for å vere ei motvekt til det bilete folk har av ein fødsel i dag. Mange har angst for å føde. Me ville syne at det kan vere ei flott oppleving, fortel han. Lønnes seier at å fortelje historia lokalt nok var den største terskelen. Etterpå har reportasjen også stått i Dagbladet Magasinet no i april.

– Me har fått berre positive attendemeldingar på saka, seier Lønnes. Han påpeikar at han ikkje hadde kunne ta bileta sjølv. Det var viktig å ha med ein dyktig fotograf.

Vinnarbiletet

Og det er nett coverbiletet til saka som også hausta prisen for Årets lokalavisfoto. Signe Fuglesteg Luksengard har teke biletet som juryen omtalar som stilferdig, men samstundes rått og ekte. Ein vakker hyllest til noko av det største i livet. Juryen her bestod av Frida Blingslimark, Ellen Lande Gossner og Katinka Hustad.

– Dette er veldig stas. Ein av dei mest spesielle jobbane eg har vore med på. Det var veldig fint. Det er dette som er så flott med yrket mitt. Ein får vere så nære menneske. Og vere på så mange plassar ein elles ikkje ville vore. Eg hadde visst om fotooppdraget med Lønnes i eit par veker. Måtte vere tilgjengeleg. Dei ringde ved tretida om natta. Eg er så glad eg høyrde den telefonen, seier Luksengard.

– Det er kjekt å få anerkjenning for det ein driv med. Eg fekk høyre at det var umogleg å bli fotograf, men det er det jo ikkje. Ein må berre ha trua på det ein gjer, seier ho og håpar dette kan vere med og inspirere andre til å bli fotograf.

I den same klassen fekk Hallingdølen heiderleg omtale, for biletet til fotograf Kristin Devor av ein dompap som går inn for landing.

Prisen for Året digitale satsing gjekk til Hallingdølens videomagasin. Kvar månad i fjor hadde avisa eit magasin på nettsida. «Eit solid stykke handverk med imponerande høg kvalitet», var juryens dom.

Heiderlege omtaler

Årets lokalavis vart Lister. Men Hallingdølen fekk for tredje år på rad heiderleg omtale i denne klassen, som ein av to. Juryen skriv at Hallingdølen trekkjer fram folk og sterke historier. Avisa fungerer som vaktbikkje i lokalsamfunnet og er generelt ei sprek avis som også treffer dei unge vaksne. Ikkje minst legg avisa vekt på design og layout – som fleire større aviser ikkje er i nærleiken av å levere. Og avisa serverer bilete av høg kvalitet.