annonse

Sosiale medium inn i TV-produksjonen

EU-prosjekt
EU-prosjekt: Hallingdølen samarbeider med Filmprodusentane AS, her ved Jørgen Storhaug, om utvikling av OnMedia. (Foto: Filmprodusentane)
Virtuelle studio
Virtuelle studio: OnMedia gjer det mogleg å integrere sosiale medium i TV-sendingar. (Foto: Filmprodusentane)

Hallingdølen samarbeider med internasjonale aktørar om å integrere sosiale medium i TV-sendingar på nett.

Caroline Utti

– Hallingdølen har svært høge visningstal på videoane sine, og me ynskjer å vidareutvikle produktet slik at det blir endå betre for både sjåarar og annonsørar. Prosjektleiinga i OnMedia har heile vegen vist til at det er svært nyttig å skaffe seg erfaringar på korleis små aktørar, som Hallingdølen, kan ta i bruk og bidra til utviklinga av produktet, seier Ola Stave, adm.dir. i Hallingdølen.

Virtuelle studio

Sosiale medium spelar ei stadig større rolle i vår mediekvardag. Det å kunne kople slike medium direkte inn i ei TV-sending har fram til no vore både avansert og svært dyrt. Prosjektet og verktøyet «OnMedia» skal gjera dette mogleg for både mindre TV-stasjonar og avisredaksjonar. Gjennom OnMedia sine virtuelle studio kan ein snakke begge vegar med sosiale medium som til dømes Instagram, og såleis aktivisere lesarar eller sjåarar i større grad.

Hallingdølen tek denne nye plattforma i bruk for fyrste gong under produksjonen av Videomagasinet for desember. Sidan i sommar har Hallingdølen køyrt ein fotokonkurranse på Instagram, seinast med #hallinghaust. Konkurransen vart starta opp med bakgrunn i OnMedia-prosjektet.

– Me ser at både oppslutninga om konkurransen og kvaliteten på dei bileta som folk bidreg med er veldig høg. Teknologien i OnMedia gjer det mogleg å presentere dette på ein spennande måte i videosendingane våre, seier Stave.

Interaktive TV-sendingar

Hallingdølen samarbeider med Filmprodusentane AS om utvikling av OnMedia. Sjølve plattforma blir utvikla av det spanske selskapet Brainstorm, i tett dialog med eit knippe utvalde TV-stasjonar og mediehus i Europa. Hallingdølen er altså med som ein av fleire aktive deltakarar, eller «user partners». Andre involverte er mellom andre den tyske TV-giganten Der Bayerische Rundfunk.