– Me håpar at sjåarane får eit pust i bakken og at dei kan senke skuldrene laurdagen rett før julaftan, seier Erik Solbakken her saman med Guri Solberg.
– Me håpar at sjåarane får eit pust i bakken og at dei kan senke skuldrene laurdagen rett før julaftan, seier Erik Solbakken her saman med Guri Solberg.

Skal lage direktesendt jule-tv dagen før dagen før dagen

Erik Solbakken frå Hemsedal og Guri Solberg gir deg julestemning direkte på Tv2 i beste sendetid laurdag.

Saman skal dei vere programleiarar for «Jul frå festningen».

I 2018 fyller Kreftforeningen 80 år. Jubileumsåret avsluttast med ei direktesendt tv-sending frå Ridehuset på Akershus festning. Her skal 80 år med håp og framskritt feirast. Det blir sterke og personlege historier frå dei som er berørt av kreft, og møte med kjente profilar og engasjerte menneske frå hele landet – i tillegg til masse julestemning. Blant artistane som kjem er Hanne Krogh, Silje Nergaard, No 4 og brørne Didrik og Emil Solli-Tangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein hyllest til Kreftforeningen der det er fokus på håp. Sjølvsagt blir det underhaldningsfullt med blant anna fin julemusikk. Me håpar at sjåarane får ein pust i bakken og at dei kan senke skuldrene laurdagen rett før julaftan, seier Erik Solbakken til Hallingdølen.

Hemsedals-guten er eit kjent ansikt på TV-skjermen, og har tidlegare vore sentral på NRK Super. Han har og leia Eurovision Song Contest, Melodi Grand Prix og Idrettsgallaen. I fjor gjekk han over til Tv2. Trass i ein innhaldsrik karriere er det er første gong Erik Solbakken samarbeider med Guri Solberg.

– Ho er veldig dreven og flink. Programmet blir sendt direkte, så der kan alt skje, ler Erik Solbakken.