Jørgen Kolderup driv med honningproduksjon. Tekst og foto, Line Sandvik. Redigering, Tone Merete Tho. Grafikar,  Jarle Stanes.
Jørgen Kolderup driv med honningproduksjon. Tekst og foto, Line Sandvik. Redigering, Tone Merete Tho. Grafikar, Jarle Stanes.

Sju prisar til Hallingdølen

Hallingdølen er heidra med sju europeiske prisar for god design.

I mai henta Hallingdølen heim åtte prisar under European Newspaper Congress i Wien, og vart med det mestvinnande norske avis. Konkurransen går frå oktober til oktober. No er dei nye vinnarane i European Newspaper Award offentleggjort. Hallingdølen er denne gongen heidra med sju prisar i forskjellige kategoriar.

182 aviser

Under det 20. European Newspaper Award deltek 182 aviser frå 25 land. Juryen melder om ein imponerande høg kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunnhordland, med eit opplag på opplag på 6120 aviser, er denne gongen kåra til beste europeiske lokalavis. Det gjævaste trofeet for lokalavisene i European Newspaper Award-konkurransen. Adresseavisen vart beste regionale avis.

Dei siste seks åra har norske lokalaviser heile fire gonger vorte kåra til beste europeiske lokalavis. Deriblant Hallingdølen i 2013. Tidlegare har Bygdanytt og Kvinnheringen og vunne prisen. Det tyder på høgt nivå på norske lokalaviser.

Hallingdølens prisar

Hallingdølens sju prisar:

Reportasje frå gravferdsbyrå. Tekst og foto, Nima Taheri. Redigering, Tone Merete Tho, GrafikkJarle Stanes.
Reportasje frå gravferdsbyrå. Tekst og foto, Nima Taheri. Redigering, Tone Merete Tho, GrafikkJarle Stanes.
Vesle Edvin blir født heime. Foto, Signe Fuglesteg Luksengard. Tekst, Sindre Thoresen Lønnes. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafisk utforming Jarle Stanes.
Vesle Edvin blir født heime. Foto, Signe Fuglesteg Luksengard. Tekst, Sindre Thoresen Lønnes. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafisk utforming Jarle Stanes.
Kristin Devor har fotografert dansande fuglar i fjellheimen. Tekst og foto, Line Sandvik. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk,  Jarle Stanes.
Kristin Devor har fotografert dansande fuglar i fjellheimen. Tekst og foto, Line Sandvik. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk, Jarle Stanes.
Følg brann-heltane på jobb langt til fjells. Tekst og foto, Sindre Thoresen Lønnes. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk, Jarle Stames.
Følg brann-heltane på jobb langt til fjells. Tekst og foto, Sindre Thoresen Lønnes. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk, Jarle Stames.
Tekst og foto, Signe Fuglesteg Luksengard. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk, Jarle Stanes.
Tekst og foto, Signe Fuglesteg Luksengard. Redigering, Olav J. Bøthun. Grafikk, Jarle Stanes.
Elgen har ikkje hatt det så lett. Vinnarside i klassen Infographics.
Elgen har ikkje hatt det så lett. Vinnarside i klassen Infographics.

* Cover- and Coverstory, Local Newspaper. Ein pris

* Photography, Atmosphere. Ein pris

* Photo-Report. Tre prisar

* Visual Storytelling, Ein pris

* Infographics, Small Infographics. Ein pris

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisane avisa har fått pris for spenner frå heimefødsel i stova, via birøkt i fjellbygd og fuglebilete, til heltar i vinternatta, heltar i livet, gravferder og dødsvinter for elg. Reportasjar er laga av fast tilsette journalistar, frilansarar og utplasserte studentar, og blir sett saman gjennom eit tett samarbeid på desken, der det både jobbar journalistar og grafikarar.

– Me sende inn sakene til konkurransen i oktober/november, fortel redaktør Emrik Luksengard i Hallingdølen. Han meiner prisane fortel at det blir jobba godt i alle ledd i redaksjonen. Det er gode foto, god design og sterke historier.

– Dette er moro og inspirerande. Målet er heile tida å lage så god avis som mogleg for lesarane våre. Konkurransen er ein måte å måle det me driv på med. Det er gledeleg at norske lokalaviser me samarbeider med gjer det så bra, seier Luksengard. Både avisene Sunnhordland og Hordaland er samarbeidsaviser med Hallingdølen og har gjort det bra i konkurransen.

– Norske lokalaviser ligg langt framme innan avisdesign, slår redaktøren fast.

Informasjonssjef Geir K. Hus, i LLA (Landslaget for lokalaviser), gler seg over at lokalavisene satsar på produktutvikling og dyrkar både journalistisk innhald og utforming.

– Det må til for at tradisjonelle redaktørstyrte aviser skal stå seg godt. Hallingdølen er blant dei avisene som har vist veg. Dei legg lista høgt og satsar stadig på å bli betre, seier Hus.