annonse

Rueslåtten skal varme opp for a-ha

Kontrast
Kontrast: Kari Rueslåtten frå konserten i Hol gamle kyrkje. Onsdag ventar a-ha-oppvarming.

Kari Rueslåtten har eit ærefullt oppdrag i dag, onsdag.

Det var etter sommarkonserten hennar i Hol gamle kyrkje ho fekk spørsmålet: Kan du tenke deg å varme opp for a-ha når supergruppa spelar på Sverresborg Arena i Trondheim denne veka?

Kari Rueslåtten var aldri i tvil. Ho og bandet hennar takka ja og henta fram dei beste rockelåtane for å varme opp a-ha-publikummet onsdag kveld. Magne Furuholmen, Paul Waaktaar Savoy og Morten Harket har vore blant favorittane hennar heilt sidan bandet slo gjennom med «Take on me» i 1985.

Rueslåtten set pris på å bli hyra til oppdraget.

– Det er skikkeleg moro, og det er ikkje kvar dag ein får eit slikt spørsmål, seier Kari Rueslåtten til Adresseavisen.

Les også: Rueslåtten fylte kirka