Ingemars.
Ingemars.

Ny, stor dansehelg på Storefjell

Storefjell held fram med dansefest på Golsfjellet.

Contrazt dreg i gang festen i kveld. Dansebandet har vore eit av dei norske som turnerer mest, og slik har det vore sidan dei starta i 2005.

I morgon kveld kan du oppleva Ingemars Danseband. Seks album har dei gjeve ut sidan oppstarten i 1986.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingemars består av Terje Ingemar Larsson, song og gitar, Steve Andersson, song og bass, Odd Arne Sørensen, trekkspel, Tommy Hagen, trommer og Henning Antonsen, steelgitar og gitar.