Inger-Brit Vindegg er blitt kjend for nissane sine. Dei står alltid til 20. dag jul. – Etterpå er det kjempetomt med ein gong, men resten av året er det meir normalt her, seier ho.
Inger-Brit Vindegg er blitt kjend for nissane sine. Dei står alltid til 20. dag jul. – Etterpå er det kjempetomt med ein gong, men resten av året er det meir normalt her, seier ho.

Nissemor for 500 - og for heile Ustaoset

Det bur 500 små og store nissar under taket til Inger-Brit Vindegg. Den største nissen er ho sjølv.

– Eg skal ein tur til Geilo, så det kan fort bli ein nisse til.

Inger-Brit Vindegg set siste tilskot i nissefamilien på eit ledig trinn i trappa. Rundt omkring i huset på Ustaoset står, sit, ligg og heng det frå før kring 500 artsfrendar av ulike slag. Dei siste to vekene før julaftan kjem dei opp frå kjellaren eller ned frå loftet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må vere lov å vere litt barnsleg, seier ho og slepper Hallingdølen inn i nisseheimen.

{{imageLeft}}

Nissen forsvann med lyset

Men nissar er ikkje barnsleg. Lenge var det både alvor og viktig å halde seg inne med nissen. På gardane kunne ein hamne i ulykka om ein ikkje gjorde godt nok arbeid.

Det er 60 år sidan Inger-Brit Vindegg fekk denne av ei venninne. Lyset er brent ut på den enkle lysestaken. På eit vis har nisselivet også blitt sløkt, i takt med overgangen til elektrisitet.
Det er 60 år sidan Inger-Brit Vindegg fekk denne av ei venninne. Lyset er brent ut på den enkle lysestaken. På eit vis har nisselivet også blitt sløkt, i takt med overgangen til elektrisitet.
– Eigentleg har eg ikkje så mange moderne nissar, seier Inger-Brit Vindegg, men ho gjer unntak. Ein langbeint nisse spring i snøkavet til ein travel julemelodi på speledåsen.
– Eigentleg har eg ikkje så mange moderne nissar, seier Inger-Brit Vindegg, men ho gjer unntak. Ein langbeint nisse spring i snøkavet til ein travel julemelodi på speledåsen.
Inger-Brit Vindegg er nissemor for 500 nissar under eige tak og i tillegg mange hyttefolk på Ustaoset. – Nissemanien kom fordi eg måtte vere så mykje inne for å svare på telefonar, seier ho, mellom alle telefonane.

Enkelte er meir forseggjort enn andre. På ei hylle står ei rekkje nissegutar og -jenter, som aspirerer til å bli ordentlege nissar. – For meg er nissen ein eldre kar, seier nissemor.
Enkelte er meir forseggjort enn andre. På ei hylle står ei rekkje nissegutar og -jenter, som aspirerer til å bli ordentlege nissar. – For meg er nissen ein eldre kar, seier nissemor.
Det finst ei rekkje nisseseriar, og når ein først er i gang å samle må ein gjerne ha alle. Då blir hyllene fort fulle.
Det finst ei rekkje nisseseriar, og når ein først er i gang å samle må ein gjerne ha alle. Då blir hyllene fort fulle.
Vesle julaftan inviterer Vindegg til ope hus. Gjestene får blant anna sjå eit kor av nissar.
Vesle julaftan inviterer Vindegg til ope hus. Gjestene får blant anna sjå eit kor av nissar.

– Bestemor var berre jentungen då elektrisiteten kom. Før det vandra dei rundt i halvmørket. Det gav nok næring til mange førestillingar. Nissen var med i gardstanken. For meg er dette nær i tid, seier ho og kallar det ei herleg overtru.

Det er 60 år sidan ho fekk sin første nisse. No står den nøkterne kongla med ei gul nisselue på i godt nisseselskap på ei av dei mange festpynta hyllene i huset. «1957» har ho skrive under. Her og der finst det ein og annan frå 2000-talet. Enkelte har ho med frå Østfold, andre ser ut til å vere frå Amerika og Sibir. Tyskland er også representert, men dei fleste er nok variantar av typiske, norske fjøsnissar.

I vår opplyste tid kan nisselivet vere brutalt. Enkelte har ho redda frå nissedøden på terskelen til ein container.

{{imageLeft}}

Aktuell nisselærdom

Tradisjonen ho har skapt levde også farleg i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal bort i januar, så eg vurderte å ikkje hente nissane fram i år, men det gjekk ikkje. Det vart negative kjensler i heile huset, seier ho og viser fram eit par kortreiste hallingnissar også. Dei har funne vegen inn i ei bokhylle. Reell eller ikkje: I «Den store nisseboka» kan ein lese om korleis ideen om nissen har breidd seg ut over kloden.

Inger-Brit meiner det sjølv i 2017 er noko å lære av nissen.

– Nissar er som oss. Dei likar helst å stå i lag.

– Er det samleverdi i nissar?

- Nei, det har eg aldri tenkt på. Enkelte er handlaga og kanskje gamle, men eg samlar berre på dei som passar meg. Dei må ha eit ordentleg nissepreg. Dei må på ein måte «snakke» til meg, seier pensjonisten i fullt alvor.

Telefonen ringer, slik han gjer ustanseleg i nisseheimen under Hallingskarvet. For det var eigentleg slik nissemanien starta.

Ho og ektemannen gjekk i gang med hytteutleige lenge før mobiltelefonens tid, og då måtte nokon vere heime å svare. Med mykje tid inne fekk nissane stadig større plass i livet hennar.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

«Manglar det ved? Når må du ha det?» seier Inger-Brit til hyttegjesten før ho lovar at det skal kome i løpet av kort tid. Ho tek ein telefon til og saka er ordna.

– Dei som var på hytta sist hadde ikkje lagt igjen ved etter seg, seier ho.

– Og då må nissemor ordne opp?

– Ja, det kan du seie. Ein må oppføre seg og gjere mot andre det ein ønskjer at andre skal gjere mot seg.

Vesle julaftan inviterer ho som vanleg til ope hus. Kor mange som finn vegen varierer.

– Her er alltid plass til ein nisse til, seier nissemor.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}