Margit Myhr har blant anna spelt «Blinde-Sigrid» på Vastanå Teater. (Arkiv
Margit Myhr har blant anna spelt «Blinde-Sigrid» på Vastanå Teater. (Arkiv

Myhr tilbake på svensk teater

Margit Myhr er attende på Västanå Teater i Sverige for å spela Anna Svärd i teaterstykket «Charlotte Löwensköld».

– Me begynner 31. mars med å gå gjennom manus i fellesskap. Eg gler meg til å møte dei andre som skal vera med på stykket, seier Myhr.

Av Selma Lagerlöf

– Stykket er ein trilogi, og i fjor hadde dei den fyste delen. I år skal me framføre den andre delen som heiter «Charlotte Löwensköld», forklarar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva forventningar har du?

– Eg trur det blir spennande. Det er ei historie som er fin å følgje, sidan det er ein del forviklingar og spennande personar i stykket. Det er ikkje einsidig. Selma Lagerlöf skriv fantastisk, så eg anbefaler alle å lesa bøkene hennar, svarar Myhr.

Sjette produksjonen

Dette blir sjette gongen Margi Myhr er med på ein produksjon ved Västanå Teater.

Margit Myhr flytter til Sverige for å ha ei hovudrolle på Västanå Teater. (Arkivfoto)
Margit Myhr flytter til Sverige for å ha ei hovudrolle på Västanå Teater. (Arkivfoto)

– Eg har visst om Västanå sidan eg vart lita, sidan pappa jobba der i nokre produksjonar. Eg hugsa dei flotte kostyma og den magiske dansen. Så når eg fann ut det gjekk an å studere der, måtte eg søkje. Eg gjekk der vinteren 2013, og har vore veldig heldig og fått lov å jobbe der i etterkant. Det er draumeplassen å jobbe, tykkjer Myhr.

Neste sommar skal ho vera med på siste del av trilogien. Det stykket heiter «Anna Svärd», og Myhr spelar tittelrolla.

På svensk

Stykka blir spelt på svensk.

– Den fyrste sesongen var ei utfordring, men ei spennande utfordring. Tonefallet er vanskelegare enn lydane. Me kjenner jo svensk ganske bra, og høyrer kva som er feil ganske lett, seier Myhr om språkforskjellen.

Nok ein gong må kongepokalvinnaren frå i fjor droppe Landskappleiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessverre kræsjar det med forestillingane i Sverige i år. I fjor hadde ho fri og deltok på Landskappleiken samt fekk høve til å reise rundt på norske festivalar med ei soloframsyning.

«Charlotte Löwensköld» har premiere 24 juni.