God stemning i stølstunet.
God stemning i stølstunet.

- Me svallar berre halling

Det er inga hemmelegheit at hallingdialekten er sterkt utryddingstruga.

Me har spurt fleire ungdommar i Hallingdal om dei kjenner nokon som pratar halling. Som oftast veit dei berre om eldre folk, besteforeldre og kanskje foreldre, men svært få i dei nyare generasjonane. Dialekten er ikkje lenger ein like stor del av identiteten til hallingungdom. Skal me akseptere dette og la hallingmålet forsvinne? Svaret til ungane på dialektleir i Hemsedal er heilt klart: NEI!

Frå måndag til torsdag sist veke var 19 spreke hallingar i aldersgruppa 9 til 13 år på dialektleir. Der har dei budd på ein støl langt oppi fjellet, isolert frå den bymåls-talande verda. Torsdag kom det ei ny pulje med deltakarar, frå 14 til 19 år. Det einaste kriteriet for å vere med på dette eventyret er at ein må ha skikkeleg, skikkeleg lyst til å prate halling, og at ein må love å prøve så godt ein kan å svalle halling under heile leiren. Saman har dei lært å spikke, jobbe i fjøset, utøve førstehjelp, skyte, hesje, lage potetlomper og kvikaku, og syngje folketonar- på halling! Dei har også arrangert talentshow- Halling Got Talent og laga quizar med flotte premiar. Målet med leiren er å skape ein trygg og leiken arena for unge som vil prøve seg på halling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivor er sikker

Men kvifor er det eigentleg så viktig å halde fast ved dialekten? Det spørsmålet har Eivor Intelhus 9 år frå Hemsedal svaret på. – Fordi halling er den finaste dialekten av dei alle!!

– Kvifor vil du prate halling?

– Eg synest det er mykje finare og meir spesielt enn bokmål. Hallingdialekten har vore ein stor del av oppveksten min, og eg prata halling heile tida då eg var mindre fordi både gofa og pappa gjorde det. Men så vart det veldig vanskeleg etter kvart fordi så mange rundt meg prata bokmål. Eg måtte konsentrere meg så veldig for å halde på dialekten, og til slutt prata eg ikkje halling i det heile. Men det siste året har me hatt ein konkurranse på skulen som vara over ei lengre periode. Den som hadde prata mest halling når sommarferien kom, skulle få ein premie – og eg vann! No har eg bestemt meg for å prate halling absolutt heile tida, også når eg kjem heim frå leir.

Emma Fingarsen (11) frå Ål og Matilde Skare (11) frå Hemsedal.
Emma Fingarsen (11) frå Ål og Matilde Skare (11) frå Hemsedal.
Eivor Rimstad-Intelhus (9) frå Hemsedal under kveldsshowet «Halling Gødt Talent».
Eivor Rimstad-Intelhus (9) frå Hemsedal under kveldsshowet «Halling Gødt Talent».
Leik i stølsbue.
Leik i stølsbue.
Inger Marie Lien Rust lærer bort stev frå Hallingdal.
Inger Marie Lien Rust lærer bort stev frå Hallingdal.
Torleif Hornet frå Hemsedal lærer Delina Tøsdal Fenne (10) frå Geilo å skyte på blink.
Torleif Hornet frå Hemsedal lærer Delina Tøsdal Fenne (10) frå Geilo å skyte på blink.
Knut Ingar Renslo (8) frå Nesbyen, Maiken Gjærde (9) frå Hemsedal og Line Marie Tveito (9) frå Gol.
Knut Ingar Renslo (8) frå Nesbyen, Maiken Gjærde (9) frå Hemsedal og Line Marie Tveito (9) frå Gol.
Torhild Eikre (9) frå Hemsedal og Line Marie Tveito (9) frå Gol.
Torhild Eikre (9) frå Hemsedal og Line Marie Tveito (9) frå Gol.

Vennepress og språkpress

Mange synest det er vanskeleg å prate halling når ein alltid blir svara på bokmål. Ei av dei er Mari Sandelien, 11 år frå Ål.

Ho fortel om kor vanskeleg det er å legge om, spesielt når ein er på skulen. På trinnet til Mari er det ca. 50 elevar, men berre 7 av dei pratar halling. Mari pratar ikkje halling til vanleg, men av og til prøver ho å legge om når ho er med gode venner. Ein skulle tru at ho vart heia fram og rosa for å vere ei som vil prøve seg på hallingdialekten. Men slik er det ikkje alltid. For dei som pratar bokmål kommenterer fælt, rettar og heng seg så mykje opp i dialekten at dei ikkje får med seg det ho prøver å seie. Mari er redd for at ho vil få kommentarar frå klassekameratar som ikkje vil la henne vere i fred om ho legg om til dialekt.

– Kva synest du om dialektleiren?

– Eg synest det er veldig bra at barna kan kome til ein plass der alle pratar halling, og ingen blir latterleggjort for det. Det er fint å kome til ein stad der ingen er redde for å prøve seg på dialekt, og ingen rettar på kvarandre. Eg trur at leiren gjer det lettare å prate halling når ein kjem heim igjen og byrjar på skulen.

– Kan du si ein ting som ikkje er så bra med leiren?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må stå opp så utruleg tidleg for å mjølke kyrne! Litt for tidleg.

– Kva likar du aller best med leiren?

– Det eg likar best er at alle pratar halling. Det sosiale er også ein viktig del. Det er fint at alle som kjem hit er veldig hyggjelege, og at det er lett å få nye venner frå resten av Hallingdal. Eg likar òg å vere med dyra og lære om gamle tradisjonar.

Me tenkjer at ein del av grunnen til at så få pratar halling kanskje er at presset på at dialekten skal vere perfekt, er så stort. Me lever i eit samfunn der det blir forventa at alt skal vere tipp topp 100 %, uansett kva ein gjer. Me må opne opp og lage rom for at alle som vil prøve seg på halling, får gjere det i fred utan at folk hakkar og rettar. Dialekt skal vere artig og leikent. Språket er ein så utruleg stor, viktig og sårbar del av identiteten til eit menneske. Det skal vere opp til kvar enkelt å få velje korleis ein vil prate.

Tips og triks frå Matilde

Det er ikkje alltid like lett for dei næraste å vite korleis ein skal reagere når nokon legg om til halling. Skal ein late som ingenting? Skal ein rette? Skal ein rose?

Matilde Skare, 11 år frå Hemsedal skal byrje i 6. klasse til hausten. Ho har nokre tips og triks til familie og venner av folk som pratar halling.

– Kva burde foreldre gjere om dei vil at barna deira skal prate halling?

– Dei kan for eksempel gje belønningar når barna pratar halling. Ekstra vekeløn eller godteri kanskje? Eller så kan ein lure inn hallingord her og der. Bonuspappaen min ville så gjerne at eg skulle seie mjølk i staden for melk, så han byrja å skrive mjølk på mjølkekartongen slik at eg skulle lære meg det. No seier eg alltid mjølk, så det fungerte heilt topp! Det er viktig at foreldre ikkje tvinger barna sine til å prate halling, men heller prøver å vise dei kor fin dialekten er. Ein kan synge nattasong på halling, eller fortelje historier med mange hallingord. Det viktigaste er at ungen sjølv må ha lyst til å prate halling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vil du at andre skal reagere når dei høyrer at du har lagt om?

– Eg vil i alle fall ikkje at dei skal drive å rette på meg heile tida. Og ikkje herm! Det er ikkje ein god følelse om nokon gjer narr av deg når du gjer ditt beste. Ein kan gjerne seie at det er fint at eg pratar dialekt, men kanskje ikkje altfor ofte. Eg vil at dei skal behandle meg likt uansett kva dialekt eg pratar. Eg er jo framleis den same personen. Eg berre pratar litt annleis.

– Har du tenkt til å halde fram med å prate halling etter leiren?

– Ja! Før prata eg nesten aldri halling, berre ein gong i blant med mamma. Men no har eg tenkt til å gjera det heile tida uansett kven eg er med, både heime og på skulen. Eg føler det er lettare å vere trygg på den eg er når eg pratar dialekt. Hallingdal er ein viktig del av personlegheita mi, og eg vil vise folk kvar eg kjem frå. Eg vil ikkje at folk skal tru at eg kjem frå Oslo eller Bærum. Og så synest eg hallingdialekten er veldig vakker å høyre på, da.

– Kva er du redd for at vil skje når du kjem på skulen og plutseleg pratar halling?

– Kanskje folk ber meg om å slutte fordi dei synest det høyrest teit ut. Eg håpar ikkje det.

Matilde sine siste ord til lesaren:

– Om du har lyst til å prate halling, så må du berre køyre på! Ikkje bry deg om kva andre seier om det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av Elvira Gomez Snerte, Hedda Elise Røysi Kaslegard og Amelia Gomez Snerte