Når landskappleiken startar om ein månad blir det tradisjonelle arrangementet fornya med direktesende TV-magasin frå Geilo. Vebjørn Jøtun Fauske i laus klasse C under landskappleiken på Røros. (Arkivfoto)

Live frå kappleik

Sigrun Høgetveit Berg blir programleiar og Pål K. Medhus reporter i fire TV-magasin som Hallingdølen sender frå Landskappleiken.

Om ein månad startar landskappleiken på Geilo. Då etablerer Hallingdølen TV-studio i Geilo sentrum. Studioet skal dagleg sende magasin direkte frå den uoffisielle norgesmeisterskapen i folkemusikk.

– Eg synest det er grunn til å slå litt på stortromma. Me legg lista høgt. Det blir som ein lokal variant av Sommeråpent på NRK, seier prosjektleiar Erlend Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikk i studio

Avisredaksjonen på Sundre blir forsterka med folk utanfrå. Filmprodusentane styrer kamera, og framom kamera får Sigrun Høgetveit Berg rolla som programleiar i studio.

– Det blir spennande. Eg har aldri gjort noko liknande før. Det næraste eg kjem er erfaringa som programleiar i ein lokalradio i Finnmark, seier Høgetveit Berg som nyleg disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Tromsø. Historikaren har vakse opp med Landskappleiken, og det ho manglar av TV-erfaring, tek ho att gjennom kunnskap om folkemusikkmiljøet.

– Målet er å vise fram det beste kappleiken har å by på. Det blir masse interessante folk – folk som har ei historie å fortelje. Og så skal det sjølvsagt bli musikk i studio, lovar ho.

Forbipasserande på Geilo kan følgje web-TV-sendingane på direkten. TV-studio blir i glasbygget midt i Geilo sentrum. (Arkivfoto)
Forbipasserande på Geilo kan følgje web-TV-sendingane på direkten. TV-studio blir i glasbygget midt i Geilo sentrum. (Arkivfoto)
Når landskappleiken startar om ein månad blir det tradisjonelle arrangementet fornya med direktesende TV-magasin frå Geilo. Her dansar Ulf-Arne Johannesen og Ingunn Stræte Lie under landskappleiken på Røros. (Arkivfoto)

I 2009 rapporterte Kjell Fuglehaug direkte til Sommeråpent frå landskappleiken på Geilo. I år får NRK konkurranse frå Hallingdølen om sendingane frå Geilo. (Arkivfoto)
I 2009 rapporterte Kjell Fuglehaug direkte til Sommeråpent frå landskappleiken på Geilo. I år får NRK konkurranse frå Hallingdølen om sendingane frå Geilo. (Arkivfoto)
Sigrun Høgetveit Berg.
Sigrun Høgetveit Berg.
Pål Knutson Medhus. (Arkivfoto)
Pål Knutson Medhus. (Arkivfoto)

Pål K. Medhus skal vere reporter som pratar med folk og lagar miljøskildring frå arenaen.

– Eg skal ta pulsen på kappleiken, formidle folkelivet i gata, og kjenne på stemninga bak scenen før spelemennene skal på. Magasinet skal fyllast med liv og lått, seier han. Som turistsjef på Geilo har Medhus også ansvar for media og kommunikasjon for Landskappleiken 2014. Kappleiken samlar folkemusikkinteresserte frå heile Norge og har potensielt eit stort publikum. Medhus ser på web-TV-sendinga som ei fornying av eit tradisjonsbunde arrangement. Programmet blir sendt direkte på hallingdolen.no. Der vil publikum også finne opptak av tidlegare sendingar.

– Dette blir ein annan type kommunikasjon, det er ferskvare, rett inn på smarttelefonen i lomma på folk. Me håpar sendingane vil motivere fleire til å oppsøkje konsertsalane. I tillegg vil sjølvsagt programma ha ein verdi etterpå, seier han.

Satsar på TV

Nett-TV-sendingane er eit samarbeid mellom Hallingdølen, Landskappleiken 2014 og Visit Geilo.

Kappleiken blir den fyrste TV-produksjonen, men i tida framover kjem lokalavisa til å satse meir på nett-TV. For Hallingdølen kan oppdragsproduksjonar på sikt bli ei viktig inntektskjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Reklameinntekter er ein del av inntektsgrunnlaget, men like viktig er det at Hallingdølen kan ta betalt for å lage slike produksjonar. Det er slik det fungerer også når NRK eller TV2 tek på seg å dekkje stor idretts- eller kulturarrangement. I dette tilfellet er det Landskappleiken 2014 og Visit Geilo som dekkjer deler av kostnaden ved å lage sendingane, seier Erlend Hagen.