Thomas Stensgård instruerer Nora Thorsrud under springarkurset på Sundrehall.
Thomas Stensgård instruerer Nora Thorsrud under springarkurset på Sundrehall.

Lærte seg springar i helga

Ein handfull dansepar står i ring på golvet på Sundrehall. Den gamle stordansaren Thomas Stensgård held helgekurs i hallingspringar.

Han viser og forklarar. Så dansar dei litt. Sjølvsagt til levande musikk, Hilde Kirkebøen er spelemann. Stensgård ser, korrigerer og viser på nytt. Han tek fram nokre av dansarane og instruerer. «Svikten, og so uppatte» seier han gong på gong. Svikten er ein viktig detalj i springaren. «Og så tek me det frå vrangkanten» seier han også fleire gongar.

Etter kvart tek stega til å likne på noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Behov

Mange har sett fram ønskje om å lære seg springar. Nybyrjarar ønskjer gjerne meir instruksjon, medan andre vil friske opp gamle takter. Og dermed vart det helgekurs i hallingspringar, arrangert på Sundrehall den første helga i folkemusikkveka.

- Ein suksess, seier stemnegeneral Ulf-Arne Johannessen. God deltaking, faktisk fleire sundag enn fyrste dagen. Og så var det fint å få Thomas Stensgård som instruktør, han fører tradisjonen vidare frå dei store dansarane på 50- og 60-talet. Han har ein veldig tydeleg hallingstil, elegant, tett og fin.

I miljø

– Ja, det er heldigvis god interesse for å lære seg springar, seier Thomas Stensgård. Men ingen lærer dette på ein dag eller to. Fleire kurs må til. Det fine er å starte med eit kurs og så ta fleire kurs seinare, slik at ein heile tida dansar med instruksjon. Etter kvart vil stega kome og ein får fart, rytme og drag på plass.

Thomas Stensgård instruerer i hallingspringar.
Thomas Stensgård instruerer i hallingspringar.

Nokre av elevane på springarkurset har aldri dansa springar før, medan andre har dansa i årevis. Å kunne danse i eit miljø, og med god instruksjon er viktig.

Lære bort

I vinter har Stensgård undervist på springarkurs på Gol, og interessa er så stor at det blir nye kurs til hausten, fortel han.

– Og så er det moro å lære bort springar. Det er ein god dansetradisjon i Hallingdal, og det er fint å kunne bidra til å halde den i live, seier han som har vore ein aktiv toppdansar sidan 1957 og som har vunne mange kappleikar. Han nemner dansemiljøet i Ål som særleg godt, og peikar på Ola Guroplass og Knut Buseth som særleg fine dansarar. Sjølv dansa han både laus og springar og seinare også lagdans. Han er ein populær instruktør på kurs og har også vist fram norsk folkedans i Amerika.

Og den som ikkje fekk med seg det første kurset, har sjansen att mot slutten av veka. Då er det springarkurs med Ola Stave.