Helga Myhr fekk laurdag tildelt Jens A. Myros minnepris. Sigeren hennar i C-klassen for hardingfele under Landskappleiken i 2013 (biletet) vart av juryen trekt særskilt fram. (Arkivfoto)
Helga Myhr fekk laurdag tildelt Jens A. Myros minnepris. Sigeren hennar i C-klassen for hardingfele under Landskappleiken i 2013 (biletet) vart av juryen trekt særskilt fram. (Arkivfoto)

Helga Myhr fekk Myro-prisen

Jens A. Myros minnepris vart laurdag tildelt Helga Myhr.

– Det er inspirerande å få kvittering for det ein har øvd på og at det blir sett pris på det ein driv med, seier Helga Myhr.

Glad prisvinnar

Den unge folkemusikaren fekk laurdag ettermiddag Jens A. Myros minnepris. Tildelinga skjedde på Bygdamønstringa, eitt av arrangementa under Folkemusikkveka. Myhr fekk 10.000 kroner og sølv til bunad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart overraska og veldig glad, seier prisvinnaren.

Multitalent

– Myhr markerte seg tidleg som ein særs dyktig utøvar, både som dansar og spelemann, vart det sagt i juryen si grunngjeving laurdag. – Ho er eitt av medlemmene i Kvedarkvintetten og er nett ferdig på musikklina ved Vinstra vidaregåande skule der ho går ut med toppkarakterar. Ikkje minst vann ho den gjeve C-klassen i hardingfele under Landskappleiken i 2013.

Inspirasjon

Jens A. Myros minnepris har blitt utdelt av Hallingdølen sidan 2003. Prisen skal stimulere interessa for tradisjonell musikk og dans blant unge og blir difor gitt til eit talent under 20 år.

Ottar Kåsa frå Bø vann Fanitulltevlinga laurdag under Folkemusikkveka. (Arkivfoto)
Ottar Kåsa frå Bø vann Fanitulltevlinga laurdag under Folkemusikkveka. (Arkivfoto)

Fanitull-vinnar

Under Folkemusikkveka i helga vart det og konkurrert i Fanitulltevlinga. Ottar Kåsa frå Bø gjekk til topps i felekappleiken. Han stakk av med 15.000 kroner i prispengar. I finalen møtte Kåsa Jan Beitohaugen Granli, Tor Hoslemo og Gro Marie Svidal. Dei enda på høvesvis 2.-, 3.- og 4.-plass.