Per O. Noss jobbar med materialet til ei ny plate. Låten «Ein stad» er første smakebit.
Per O. Noss jobbar med materialet til ei ny plate. Låten «Ein stad» er første smakebit.

Håpar på «ein stad» etter livet

Han har kanskje alt tatt deg «te fjells» eller vist deg «din tanke»? No vil Per O. Noss la deg smake på «ein stad».

– Det er berre ein smakebit, og eg har eigentleg ingen plan. Det var berre reint impulsivt, seier songaren og låtskrivaren frå Ål.

Per O. Noss har gjort låten «Ein stad» tilgjengeleg på si eiga nettside, som ein smakebit på det som kan bli ei tolvsporsplate. Noko plateutgjeving er enno ikkje datofesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gir lyd frå seg igjen

Det var i 2010 han albumdebuterte med «Hallingdølens kniv», på Etnisk musikklubb. Låten «Kjeringi» vart ein lokal påskehit året før. Då fekk han også Hallingdal musikkforum sin pris.

Låten «Din tanke», skrive av Arne Moslåtten, kom også med video hausten 2010. Inspirert av folketonar har Noss gitt fleire kjende tekstar ei ny drakt. No gir han altså lyd frå seg igjen, bokstavleg tala.

Tru, håp og kjærleik

Kva han har på ferde denne gongen vil han ikkje heilt ut med enno, med unntak av «Ein stad». Kanskje nokon høyrde låten på lokalradioen i påska?

– Eg har fått mykje fine tilbakemeldingar etterpå. Det betyr alt, seier Noss.

– Kva handlar låten om for seg?

– Han handlar om at eg håpar det finst ein stad, når me ikkje lenger er her, der me møter folk att. Slik sett er det tru, håp og kjærleik.

Når han ikkje jobbar turnus på Hurtigruta, jobbar han med musikk heime på Ål. Når han ikkje gjer det, er han i studio i Oslo.

«Ein stad» kan ein høyre på www.peronoss.com. Kanskje kjem det også fleire smakebitar før det blir plate.