Hallingdolen

Kultur

Hallingdølen henta designprisar i Wien

Hallingdølen henta designprisar i Wien

Med åtte prisar i bagasjen, reiste Hallingdølen heim frå European Newspaper Award som årets mestvinnande norske avis.

Prisane vart delt ut under European Newspaper Congress i Wien måndag kveld. Kring 500 deltakarar frå 185 aviser i 35 land over heile Europa deltok på årets kongress, der årets beste avisdesign vart heidra.

Årets vekeavis: Morgenbladet

Morgenbladet vart kåra til årets eurpopeiske vekeavis. Dei norske regionavisene Adresseavisen og Bergens Tidende fekk prisar for god avisdesign. Det same gjorde Dagbladet. Hallingdølen var ei av fire norske lokalaviser som fekk diplom og heider. Også Fanaposten, Kvinnheringen og Sunnhordland henta heim prisar.

Se dette bildet i full størrelse
Hallingdølen - European Newspaper Award Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.

European Newspaper Award: Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.Foto: Hallingdølen

Juryen var sett saman av 16 representantar frå ni europeiske land.

Gode lesaropplevingar

Dei prisvinnande artiklane til Hallingdølen femner vidt. Her er det nyheitsreportasjar, historiske reportasjar og fotosaker både frå avis og magasin. Historiene handlar om alt frå slakting av tamrein, brøyting i vinterfjellet, om hallingar som var involvert i Sioux-opprøret i 1862, jakthistorier, isklatring, hundeutstillingar og ei sak om einegga tvillingar. Også reportasjen frå då Hallingdølen feira 80 år, fekk pris.

– Gode historier og godt fotomateriale, er grunnlaget for å lage godt innhald. Hallingdølen har flinke folk både på historieforteljing, foto og presentasjon. Målet vårt er å gje gode lesaropplevingar, seier redaktør Embrik Luksengard.

Se dette bildet i full størrelse
Hallingdølen - European Newspaper Award Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.

European Newspaper Award: Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.Foto: Hallingdølen

– Inspirerande

I fjor kneip Hallingdølen fire prisar i European Newspaper Award. I år vart talet dobla. Luksengard meiner likevel ikkje at Hallingdølen kan slå seg til ro.

– Avisa har ikkje ei suksessoppskrift med to strekar under?

– Me har fått inspirasjon til å utvikle avisa vidare. På konferansen er det bransjefolk frå 35 land, alle har sine tradisjonar. Konferansen er ein bra plass å sjå kva andre driv med, plukke opp lærdom og få innspel til korleis me kan justere designet for å gje ei betre leseoppleving, seier redaktøren.

Se dette bildet i full størrelse
Hallingdølen - European Newspaper Award Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.

European Newspaper Award: Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.Foto: Hallingdølen

Se dette bildet i full størrelse
Hallingdølen - European Newspaper Award Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.

European Newspaper Award: Hallingdølen fekk åtte prisar i årets konkurranse.Foto: Hallingdølen

Årets europeiske aviser:

* Lokalavis: Tageblatt, Luxembourg

* Regionsavis: De Limburger, Nederland

* Riksavis: Handelsblatt, Tyskland

* Vekeavis: Morgenbladet, Norge

Dei norske avisene som fekk prisar:

* Adresseavisen (3)

* Bergens Tidende (5)

* Dagbladet (6)

* Fanaposten (1)

* Kvinnheringen (4)

* Sunnhordland (1)

* Hallingdølen (8)