Gler seg til å spele på «Norske talenter» på fredag.
Gler seg til å spele på «Norske talenter» på fredag.

Gjekk rett til andre runde i Norske Talenter

Abobakar Tsitskiev (16) kom vidare frå fyste audition i «Norske talenter». Fredag skal han opp på scena igjen.

– Eg kom vidare fordi dommarane såg potensial i meg, seier Tsitskiev. Han har spelt spansk gitar i eit års tid.

– Fyrste gongen eg høyrde spansk gitar, var då bror min spelte nokre spanske melodiar for meg. Eg blei forelska i sjangeren med ein gong. Det er ganske følsame melodiar, forklarar Tsitskiev.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag er det andre runde med «Norske talenter». Då skal Abobakar opp på scena igjen framfor fleire titals tusen TV-sjåarar.

– Eg håpar at folk kosar seg og føler musikken med meg. Einaste grunnen til at eg er med, er å spreie den spanske musikken, legg Tsitskiev til.

Abobakar blandar persisk og spansk.

– Eg likar å mikse saman songar slik at de blir mine eigne. Eg legg inn eigne triks. Då blir det kjekkare og ei litt større utfordring å spela, seier han.