annonse

Full pakke frå Noss

Per O Noss delte frå sin musikalske verd i Ål kulturhus laurdag kveld. Bak
Per O Noss delte frå sin musikalske verd i Ål kulturhus laurdag kveld. Bak: Rebecca Lofft (fele/bratsj).
FULL RIGG
FULL RIGG: Med seg på scena hadde Per O Noss Lars Jonas Bergo (piano), Rebecca Lofft (fele/bratsj), Kai Løland (gitar), Jostein Fingarsen (bass) og Stian Øygardslia (slagverk).
PLATESAL
PLATESAL: Fleire sikra seg signert album etter konserten laurdag.

Laurdag var Per O Noss sin kveld i Ål kulturhus. Med fullt band i ryggen delte musikaren låtar frå to album med heimepublikummet.

  • Torunn Akersveen Lied

« ... så spør du koffor eg er sinna som ei fele», syng Per O Noss med kraft i stemma og eld i blikket.

Musikalsk energi

Ål kulturhus, ei intimt arrangert scene, konsertkveld. Åtte månader har gått sidan Per O Noss gav ut sitt andre album, «Redningsmann». I haust heldt musikaren frå Ål sleppkonsert i hovudstaden. No står han på heimebane og syng så det gnistrar i stemma. Han har suggererande trommerytmar i ryggen; i kveld er det fullt band som gjeld. Stian Øygardslia (slagverk), Jostein Fingarsen (bass) og Kai Løland (gitar) er nokså ferske på laget. Lars Jonas Bergo (piano) og Rebecca Lofft (fele og bratsj) har følgd Noss i fleire år. Saman skapar dei fem drivande rytmar og fengjande tonebilete som følgjer Noss si stemme ut til publikum på første rad, på andre og tredje rad, og som snart fyller heile salen.

Fortel historier

For den kanadiske rockesongaren Bryan Adams var det berre éin sommar som gjaldt; den i ’69. Per O Noss sin sommar – «beste tidè i livet» – var sommaren nittini. Ålingen tek publikum med på reise når han syng; til stader han har vore, ting han har opplevd, ting han har dikta opp. Han syng om englestøv, møk og fridom, og om å håpe å få sjå nokon att. Han syng poplåtar og folkrock, akkompagnert av berre piano eller av heile bandet. Han viser Grand Prix-taktar og framfører a cappella stev.

«Er det nokon som har sett’n Per Olav?» syng Noss når kvelden er på sitt høgdepunkt. Publikum klappar taktfast og engasjert med. Det er vel liten tvil. Dei har både sett og høyrt han i kveld.