Jentebandet «Daskebandet» gjekk vidare frå lokalmønstringa i Hemsedal med sin hallingversjon av Britney Spears «Baby One More Time». I helga står dei på scena under UKM fylkesfestival.  F.v. Elida Wiken Wilson, Hanne Mythe, Anne Skølt, Amelia Gomez Snerte og Amalie Eliassen
Jentebandet «Daskebandet» gjekk vidare frå lokalmønstringa i Hemsedal med sin hallingversjon av Britney Spears «Baby One More Time». I helga står dei på scena under UKM fylkesfestival. F.v. Elida Wiken Wilson, Hanne Mythe, Anne Skølt, Amelia Gomez Snerte og Amalie Eliassen

Følg UKM her

UKM fylkesfestival blir arrangert i Ål Kulturhus i helga. Rundt 350 unge deltakarar er med.

Buskerud arrangerer fylkesfestival for 30. gong i år og lovar både bursdagsfest, førestillingar og workshops over tre dagar.

Showet er i gang, og du kan følgje videooverføringa frå Ål kulturhus her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fyrste forestillinga starta klokka 10 laurdag. Er du ikkje tilstades i salen syter ein gjeng frå ungdomsklubben på Geilo for at du kan følgje med likevel, via levande videooverføring. Gjengen kallar seg Ducktape Production og leiar er Lars Haugerud. 

Unik sjangerbreidde

UKM står for Ung Kultur Møtest. Dei tek sikte på å ikkje berre vera ein arena å syne seg fram på, men også ein stad å lære. Eit kreativt springbrett for utøvarar i alle sjangrar. På programmet står mellom anna sceneinnslag med dansarar, filmskaparar, teater, poetar, rapparar og konferansierar. I tillegg til scene- og kunstbidrag deltek ungdommane også i kategoriar som sceneteknikk, Ung Arrangør og UKM media. Helga er delt opp i fire publikumsførestillingar og ei kunstutstilling. Mellom slaga kan utøvarane delta i ei rekkje workshops med erfarne mentorar, som til dømes Arild Jensen (improvisasjon for musikarar), Lars Schmidt (dans) og Andrea Vik (teatersport).

– Me feirar 30 års jubileum i år, og har eit litt større arrangement enn vanleg. Dessutan er det veldig moro å vera attende på Ål, me har ikkje vore her sidan 2008, seier Elisabeth Bjørke Knudsen, dagleg leiar i Buskerud musikkråd og fylkeskontakt for UKM.

Backstage frå UKM lokalmønstring på Geilo. Tiril Røyseth (f.v.) og Vilja Rejdemo
Backstage frå UKM lokalmønstring på Geilo. Tiril Røyseth (f.v.) og Vilja Rejdemo

Profesjonelle rammer

Fleire titals ungdommar frå Hallingdal gjekk vidare frå lokalmønstringane tidlegare i år. No står det om plassar i landsmønstringa i Sandnes i juni. God stemning og ei heilt spesiell lagånd er likevel det som står sterkast blant UKM-arane. Det viktigaste er å ha det moro.

– Det er så moro å sjå kva dei kan og kor talentfulle dei er. Rammene kring arrangementet er på toppnivå. Det er vaksne til stades for å hjelpe til, men det er ungdommen som styrar. Før var det «berre» sceneinnslag, no har me utøvarar i alle sjangrar. Stemninga er i ein klasse for seg sjølv. Det er klart at det blir mykje armar og bein, men aldri noko bråk. Berre mykje energi og engasjement, seier Knudsen.