Debutboka til Ingunn Thon, Ollis, har på kort tid blitt seld til fleire land. No har også det engelske forlaget Wacky Bee Books sikra seg boka.
Debutboka til Ingunn Thon, Ollis, har på kort tid blitt seld til fleire land. No har også det engelske forlaget Wacky Bee Books sikra seg boka.

Debutboka til Ingunn Thon seld til England

Barneboka Ollis av Ingunn Thon er seld til det engelske forlaget Wacky Bee Books.

– Det kjennest som ein skikkeleg stor dag. Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle enda opp i dei britiske barnebokhyllene som rommar så mykje fint, seier Ingunn Thon.

Ho kjem frå Ål i Hallingdal og arbeider til dagleg i NRK Super. Debutboka hennar har fått strålande kritikkar og er så langt seld til seks språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk og tysk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litterær agent Evy Tillman i Oslo Literary Agency som arbeider for å fremja norsk litteratur i utlandet, meiner salet av boka til det britiske forlaget kan vera føra til at endå fleire får auga opp for boka.

– Ei engelsk utgjeving er ein viktig døropnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier ho. (©NPK)