Fredag 30.juli 2010
Ulf-Arne Johannessen dansar denne helga i ei spesiell framføring under Telemarkfestivalen i Bø. Her saman med spelemann Olav Luksegård Mjelva.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Halling og breakdance

I helga går Telemarkfestivalen i Bø av stabelen. Dit skal blant andre Norgesmeister Ulf-Arne Johannessen for å opptre i ein danseframsyning publikum seint vil gløyme.

Fontstørrelse A A A

Med to dansesigrar og ein Kongepokal frå NM i Folkemusikk i ryggsekken reiser ålingen og Frikar-dansaren Ulf-Arne Johannesen til Bø i Telemark.

Saman med Sigbjørn Rua som kom på andreplass etter Johannessen, to breakdansarar og to capoeiristas skal han opptre på Telemarkfestivalen.

«Frikar and the Snuff Grinders» kallar dei seg og er den fyrste danseoppsetjinga som foreiner dei akrobatiske dansane hallingdans, breakdance (USA) og capoeira (Brasil).

Då hallingdansar og Frikar-gründer Hallgrim Hansegård flytta til Oslo i 2005 var hallingdansmiljøet såpass lite at han trena i capoeira- og breakemiljøet.

Akrobatiske rørsler var eit felles språk og i 2007 stod The Snuff Grinders fyrste gong på scenen på Stundentersamfunnet i Trondheim. Etter dette har dei hatt fleire framsyningar og skal no altså opptre i Bø.

– Det artige er at me funkar mykje betre på scena enn utanfor. I dansen kommuniserer me som me skulle vore brør, medan me verbalt knapt pratar same språk, seier Hansegård.

Gruppa har elles medlemmer frå Valdres, Oslo, Ulvik, Rio de Janeiro og Cape Verde.

På framsyninga på Telemarkfestivalen blir publikum tatt med på ei reise frå ein «dirty» flyhangar til krasjlanding i Jotunheimen, Rio de Janeiro og New York.

Utøvarane er av dei absolutt mest meritterte innan sine sjangrar i Skandinavia.

Tidlegare i sommar opptredde Frikar and The Snuff Grinders på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Då vart framsyninga utselt og besøkt av 2100 imponerte tilskodarar.

Så alt tyder på at dette kjem til å vere eit trekkplaster og eit festfyrverkeri under festivalen i Bø.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:26 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article90036.ece

annonse
annonse
annonse
annonse