Fredag 30.juli 2010
Telemarksfestivalen 2009 Gunnlaug Lien Myhr.
Kevdar: Gunnlaug Lien Myhr.
FOTO: Tilsendt fra arrangør

Etterlengta kvedarmøte

Kvedarane Gunnlaug Lien Myhr og Marit Vågen Lilleland set kvarandre stemne på Telemarkfestivalen 16. – 19. juli.

Fontstørrelse A A A

Gunnlaug Lien Myhr frå Ål er profesjonell folkemusikar og folkedansar som har arbeidd mest med den vokale folkemusikken frå Hallingdal.

Plata «Perler på ei snor» kom ut i 2004 og vart nominert til Spelemannsprisen. Gunnlaug var også med i trioen «Tiriltunga», som representerte noko nytt innan vokalarrangering på 1980-talet.

Gjenhøyr

Marit Vågen Lilleland er kvedar frå Rauland. Ho har mesteparten av tradisjonsstoffet sitt etter mora Anna Vågen, men og etter andre i kvedarmiljøet i Vest-Telemark. Tidlegare var ho aktiv på kappleikar og har mange gode plasseringar derifrå, men i dei seinare åra har ho vore sjeldnare å høyre. Årets kvedarmøte på Telemarkfestivalen blir eit etterlengta gjenhøyr!

Kjent og nytt

Årets Telemarkfestival er den 20. i rekkja av mangfaldige og til tider grensesprengjande festivalar i Bø. Programmet er komponert med tanke på jubileet og sett saman tematisk med variasjonar over kjent, kjært og nytt. Mange av årets artistar er blant dei trufaste og folkekjære – og det er flott at vi i jubileumsåret kan presentere artistar som stod på den aller første festivalplakaten i 1990, saman med dagens internasjonale stjerner og nykommarar på folkemusikkscena. Frå Knut Buen, Annbjørg Lien og Øyonn Groven Myhren med bestillingsverket «Runartromma» – via Vamp, Diom De Kossa og Valkyrien Allstars – til Inga Juuso, Julie Fowlis, Eliza Carthy, Valravn og Frikar and the Snuff Grinders.

Vibrasjonar

Telemarkfestivalen ynskjer å skape fine opplevingar og gode vibrasjonar – fest og magi, men også debatt og utfordringar. Sjå www.telemarkfestivalen.no for heile programmet.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:13 | http://www.hallingdolen.no/kultur/article89657.ece

annonse
annonse
annonse
annonse