Allsidig Goldags-program
Goldagan neste helg har noko å by på for både liten og stor.
Laurdagen vert det arrangert Labb og Line gateløp for barn under 12 år, og i nedre del av sentrum kan ein delta på skattejakt gjennom heile helga. På dei ulike scenene i sentrum vil det verte underhaldning med trubadurar og artistar, og ein kan nytte seg av gratis hesteskyss og buss mellom øvre og nedre Gol. Laurdag kan ein få med seg familieframsyninga «Huldra og Prins Hadding».
For ungdom og vaksne vert det arrangert konsertar på Pers Resort og Eidsgaard Hotel både fredag og laurdag kveld.
Pers kan skilte med band som the Crazy Cowboys og Sound of the 70’s. Førstnemnde er eit ekte cowboyband som speler hitlåtar frå mellom anna Kiss, Bon Jovi, Abba og Ricky Martin. Sound of the 70’s gjenskaper, som namnet tilseier, store hits frå det glade 70-tal. Eidsgaard Hotel satsar på eit meir vakse publikum. Mellom anna kjem Gammeldansorkesteret frå Hallingdal som er nybakte norgesmeistrar, Kjetil Nordfjeld & Christiania, Covergirls og bandet Mountain Dew der meir enn halvparten av gruppa består av hallingar.
Det tradisjonsrike Goldagsløpet går som vanleg på Fuglehaugen Motorsenter. Motorinteresserte kan også sjå NM-runde i Dogfight fredag kveld på Vikojordet, og laurdag vert det veteranbilutstilling- og parade gjennom sentrum.
På Galleri Gol kan ein sjå årets sommarutstilling, og Vitabella arrangerer moteshow både fredag og laurdag.
RSS
KONTAKT OSS
