Opningsfest i folkeparken
- Velkomne til ei veke der Elvis ikkje finst. Men Knut Buen, han finst!
Denne veka kosar me oss her, så kan me saktens reise til Roskildefestivalen i neste veke, om me vil.
Slik opna Odd Nordstoga NM i folkemusikk i ein fullsett Ål folkepark tysdag kveld.
Som kjent er dette ei samanslåing av Landskappleiken og Landsfestivalen for gammaldans.
- Landskappleiken er utruleg konservativ og sær. Eg veit ikkje nokon anna stad der hardingfelespel får 2.000 menneske til å sitte musestille og lytte i seks timar. Ingen popartist klarar noko slikt. Men på Landskappleiken skjer det, sa Odd Nordstoga.
Og så erklærte han NM i folkemusikk for opna.
Open klasse
Det var ein varm, fin kveld i Ål folkepark, der kappleiken i open klasse gjekk av stabelen straks opninga var unnagjort.
Open klasse er blanda drops med folkemusikk, gammaldansmusikk, arrangert, komponert og improvisert musikk.
Noko er litt sært, anna er flott, og opp i dette skal dommarane finne fram til musikalitet og formidling og premiere dette. Det blir spennande å sjå.
Litt unfair, kanskje, at Nordstoga og Blåmann får stille i same klasse som amatørar frå Alvdal, Numedal og Jostedalen. Det kan fort bli rått parti.
St. Hansfest
Og etterpå var det St. Hansbål, toradermusikk, gammaldans og god, gammaldags festivaltrivsel til langt på natt.
Full fyr i Ål folkepark, om ein kan seie det slik.
RSS
KONTAKT OSS

